Jerusalems skomakar
Ahasverus, «den vandrande jøden», slik den franske kunstnaren Gustave Doré såg han på 1800-talet.
Foto: Wikipedia
I eit par tusenår har Bibelen vore hovudkjelde for tru og tanke i kulturkrinsen vår. Ved sida av å vere ei heilag bok var Bibelen også litteratur, med mange dramatiske forteljingar og små historier.
Bibelen har eit rikt persongalleri. Om mange blir lite omtalte. Dei er innom og spelar rolla si. Kvar dei kom frå, veit vi lite om. Vi veit heller ikkje kvar dei vart av då rolla var spela.
Her kjem folkefantasien til hjelp og fyller ut tomromma.
Mange av bipersonane i det første påskedramaet har fått eit rikt liv i folketrua i ettertid.
Då Pontius Pilatus var død, ville ikkje liket falle til ro. Det måtte flyttast og gravleggjast fleire gonger før det fekk fred i grava. Men det enda vel. Han vart gjort til helgen i den koptisk-ortodokse kyrkja, som meiner at han vart omvend til kristendommen før han døydde. Kona hans, Procula, som åtvara han mot å dømme Jesus, vart helgen i den gresk-ortodokse kyrkja. Maria Magdalena, sentral i påskeforteljinga, vart av ettertida pådytta eit vidløftig seksualliv og har sidan vandra gjennom europeisk litteratur med eit pikant og skandalisert rykte, mellom anna som mor til Jesu born. Ho fekk sitt eige evangelium, som vi kjenner delar av. Der er ho den sentrale i disippelflokken. Judas Iskariot fekk også eit eige evangelium. For nokre år sidan vart delar av det funne i sanden i Egypt. Det rehabiliterer Judas og gjer han til den einaste i disippelflokken som forstår Jesu bodskap. Alle desse har sentrale roller i påskeforteljinga slik ho står i evangelia.
Men folkefantasien gjekk vidare. Det vart dikta til og skapt nye figurar som fekk sentrale roller i påskedramaet, som fylte det ut og gjorde det litterært rikare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.