Jenta som endra guteklassen

Judit Polgár i Chess Classic Mainz 2008.
Judit Polgár i Chess Classic Mainz 2008.
Publisert

«Ingen er fødd geni, men i det rette miljøet kan ein skipa eit geni», hevda den ungarske psykologen László Polgár i boka «Å fostra eit geni». Så fekk han tre døtrer og presiserte: Kjønn er det minste problemet.

Både som 12- og 14-åring vart Judit Polgár verdsmeister for gutar. Det kunne ikkje halda fram, så klassen skifte namn til open klasse. Judit var i konflikt med det ungarske sjakkforbundet som ville at ho skulle spela i jente- og kvinneklassen. Men det var ikkje Judit interessert i, så ho lét i staden storesyster Susan verta verdsmeister for kvinner i 1996.

Berre i sjakk-OL i 1988 (då ho var tolv år gamal) og 1990 gav Judit etter for presset og stilte lag med systrene i kvinneklassen, jamvel om Judit frå 12-årsalderen var rangert som nummer 55 i verda og god nok for herrelaget. Før OL i 1988 sa trenaren for dei sovjetiske kvinnene, stormeister Eduard Gufeld: «Dei kjem snart ned på jorda. Etter OL får vi sjå om systrene er geni eller berre kvinnfolk.»

Dei var geni – og vann OL-gull i både 1988 og 1990. Seinare spela Judit åtte gonger på Ungarns lag i den nye, opne klassen (tidlegare «herreklassen»). I den siste turneringa hennar, sjakk-OL i Tromsø i 2014, tok Ungarn sølv.

Alt som 11-åring slo Judit ein mannleg stormeister, Lev Gutman, som dunka hovudet mot heisen i raseri. I 1991, 15 år gamal, vart ho ungarsk meister (for «menn») og fekk stormeistertittelen (for «menn»), som den yngste «guten» i sjakkhistoria. Rekorden stal ho frå amerikanaren Bobby Fischer, som på 1970-talet sa at han kunne slå dei beste kvinnene med ein hest mindre i startoppstillinga. «Fischer er Fischer, men ein hest er ein hest», kommenterte lakonisk verdsmeister Mikhail Tal som visste meir om damer enn Fischer.

For nokre år sidan sa engelskmannen Nigel Short, VM-utfordrar i 1993 og i dag Fide-pamp, at «den kvinnelege hjernen ikkje kan spela sjakk, slik han heller ikkje kan ryggja bilen ut av garasjen». Judit har slege Short åtte gonger i klassiske sjakkparti.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement