Sport
Jazzdans + exercise = jazzercise
Ikkje alle sportar har eigne bilklistremerke.
Eg hadde ei venninne frå byen som gjekk på noko så kult som jazzercise. I ettertid viste det seg at «byen» var Klepp på Jæren, så ekstremt moderne var kanskje ikkje aktiviteten likevel.
Som fleire andre treningsformer er jazzercise eit franchisekonsept frå USA, og det var dansaren og instruktøren Judi Sheppard Missett i California som hadde ideen. Medan ho underviste i jazzdans, forstod ho at ikkje alle var ute etter å bli profesjonelle dansarar, ho laga difor eit opplegg med meir fokus på trening. Slik vart jazzdans + exercise til jazzercise. For sjølv om ein ikkje kunne bli profesjonell dansar, kunne ein i det minste sjå ut som ein.
Meir hofter
Det heiter jazzercise og ikkje popercise, sjølv om det er popmusikk dei trenar til, fordi rørslemønsteret stammar frå jazzdans. I motsetnad til klassisk dans brukar ein meir hofter og overkropp i jazzdans – og i jazzercise tek rørslene heilt av.
Jazzercise vart ei populær treningsform i USA på 1980-talet. Treningstøy i alle fargar, frekk popmusikk og synkroniserte rørsler nådde også oss her i landet, men ikkje på same måten. Kanskje hadde me nok med aerobicen.
Sett spor i historia
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.