Ja, just!I eit av eventyra om Oskeladden står det at «just som han over ved , der var bredt Gjødsel,

Publisert

I eit av eventyra om Oskeladden står det at «just som han gik over Markerne ved Kongsgaarden, hvor der var bredt ud Gjødsel, fandt han en udgaaet Skosaale» (1866-utgåva). Det er ikkje just innlysande at just høyrer heime i eit folkeeventyr, for just kjem av latin juste, som er adverb til adjektivet justus, som kjem av substantivet jus (‘rett’), som òg har gjeve oss ord som justis, jurist og justitiarius. Kva har jusen og just sams?

Det latinske adjektivet justus(el. iustus) tyder ‘rett, lovleg, rettkomen; rettvis, rimeleg’. Med andre ord finst det ei kopling til det juridiske her. Det avleidde adverbet justehadde tydinga ‘rettvis; med rette, med god grunn’. Etter kvart fór ordet nordetter og kom til oss gjennom tysk. Kan henda er det svenskane som brukar det mest: «Ja, just det!» «Just precis!» «De hade just flyttat in.» Men ordet har lang fartstid i norsk og dansk – og det boltrar seg i færøysk òg. I Norsk Ordbog frå 1873 slår Ivar Aasen stutt og greitt fast at just er «alminnelig her som i de beslægtede Sprog». Rett nok vert ordet uttala litt ulikt dialektane våre: Attåt just har me former som jyst, jysteog jøst.

Det finst døme på at just har vorte nytta som måtesadverb, mellom anna i dansk: «at dømme net og just.» Vanlegare er det å bruka just til å streka under noko som var uventa, men som verkeleg hende: «Eg trudde ikkje dei skulle koma før tysdag, just kom dei om måndagen.» «Han gjekk og var forbanna på grannane, og just so var det dei som hjelpte han or knipa.» Her tyder just noko slikt som ‘i røynda, når alt kjem til alt; like fullt’. Andre gonger vert just nytta i tydinga ‘retteleg; beint ut’: «Det skal verta just godt med ferie no.» Men det vanlegaste er å bruka just om lag slik me brukar nettopp, akkurat, plent og liknande. «Det var just det eg sa.» «Ja, just!» «Me kom just heim.» «Eg sat just og tenkte på det.» «Pent var det just ikkje.» «Just difor meiner eg at …» «Det passa godt at sola dukka fram just no.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement