JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ja, just!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2350
20180309
2350
20180309

I eit av eventyra om Oskeladden står det at «just som han gik over Markerne ved Kongsgaarden, hvor der var bredt ud Gjødsel, fandt han en udgaaet Skosaale» (1866-utgåva). Det er ikkje just innlysande at just høyrer heime i eit folkeeventyr, for just kjem av latin juste, som er adverb til adjektivet justus, som kjem av substantivet jus (‘rett’), som òg har gjeve oss ord som justis, jurist og justitiarius. Kva har jusen og just sams?

Det latinske adjektivet justus (el. iustus) tyder ‘rett, lovleg, rettkomen; rettvis, rimeleg’. Med andre ord finst det ei kopling til det juridiske her. Det avleidde adverbet juste hadde tydinga ‘rettvis; med rette, med god grunn’. Etter kvart fór ordet nordetter og kom til oss gjennom tysk. Kan henda er det svenskane som brukar det mest: «Ja, just det!» «Just precis!» «De hade just flyttat in.» Men ordet har lang fartstid i norsk og dansk – og det boltrar seg i færøysk òg. I Norsk Ordbog frå 1873 slår Ivar Aasen stutt og greitt fast at just er «alminnelig her som i de beslægtede Sprog». Rett nok vert ordet uttala litt ulikt dialektane våre: Attåt just har me former som jyst, jyste og jøst.

Det finst døme på at just har vorte nytta som måtesadverb, mellom anna i dansk: «at dømme net og just.» Vanlegare er det å bruka just til å streka under noko som var uventa, men som verkeleg hende: «Eg trudde ikkje dei skulle koma før tysdag, just kom dei om måndagen.» «Han gjekk og var forbanna på grannane, og just so var det dei som hjelpte han or knipa.» Her tyder just noko slikt som ‘i røynda, når alt kjem til alt; like fullt’. Andre gonger vert just nytta i tydinga ‘retteleg; beint ut’: «Det skal verta just godt med ferie no.» Men det vanlegaste er å bruka just om lag slik me brukar nettopp, akkurat, plent og liknande. «Det var just det eg sa.» «Ja, just!» «Me kom just heim.» «Eg sat just og tenkte på det.» «Pent var det just ikkje.» «Just difor meiner eg at …» «Det passa godt at sola dukka fram just no.»

Sambandet «just som» (ofte uttala jussom, jusså, jysså, jøssøm o.l.) er òg vanleg mange stader. Det svarar til liksom og mestsom: «Eg vart just som so trøytt.» «Det er just som slik dei vil ha det.» «Sentrum, du just som – det er to hus og ein bensinstasjon.» «Du skulle just som vera snill!»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis