Italiensk iskrem

Nederlandsk Italia-is er tristare enn sommar utan is.

Gelato servert slik han fortener det – med omtanke og spade.
Gelato servert slik han fortener det – med omtanke og spade.
Publisert

For dei fleste av oss har det vore ein god sommar for iskrem. Sjølv har eg ete minst éin kvar dag. Utan eit spor av dårleg samvit.

Nei, då har eg heller brukt kreftene på andre ting – som å finne god iskrem. Aller, aller høgst på ynskelista må eg nok òg innrømme at det står ein gelato alla nocciola – ein italiensk hasselnøttiskrem. For betre vert det ikkje.

Men sidan eg har halde meg i heimlandet, vart det ikkje nocciola denne sommaren. Derimot har eg sett annan iskrem som påstår seg å vere italiensk: Skilta som sel iskrem frå Il Primo – «laget etter italienske oppskrifter» – snublar eg i både på gater og ferjer, kioskar og kafeteriaer. Kva er dette, eigentleg, og kvifor er det med eitt overalt?

Falske nyhende

Det siste fyrst: Il Primo er overalt fordi dei nyleg har hamna i sortimentet til Asko Servering. Asko er grossisten til Norgesgruppen, som i tillegg til å levere varer til Spar, Kiwi, Meny og Joker, står for kring 70 prosent av dei grossiststyrte leveransane til den norske Horeca-marknaden. Er du ikkje berre inne her, men såpass godt inne at Asko har valt å marknadsføre deg, er du godt på veg inn i det issvoltne restaurant- og kaféterrenget.

Det er det nystarta selskapet One-Shot som sel Il Primo. Isen vert seld i kapslar som ein set inn i ei spesiell maskin, og vipps, så kjem det ferdig porsjonert is ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement