Sjakk
Islendingen i Lviv
Stormeister Margeir Petursson (63) utanfor banken sin i Lviv.
Foto: Iryna Vorobjova.
Det er nesten ikkje til å tru at vesle Island spela 2–2 mot giganten Sovjetunionen i sjakk-OL i 1986. Garri Kasparov vann partiet sitt, men Margeir Petursson utlikna landskampen med siger mot Vitalij Tsjesjkovskij.
Den islandske sjakksoga skaut fart i 1972, då VM-kampen mellom Bobby Fischer og Boris Spasskij vart arrangert i Reykjavik. Unge islandske gutar, til dømes 12 år gamle Margeir, vart hekta på sjakk. Margeir gjorde som amerikanaren Fischer og lærte seg russisk.
På 1980-talet var den nye islandske generasjonen, dei fire frå OL-laget, dominerande i Norden. I Noreg hadde vi berre Simen Agdestein på same nivå. På sitt beste slo Petursson verdsmeister Spasskij og spela remis mot verdsmeistrane Smyslov, Tal, Kasparov og Anand.
Under ei lynturnering på Reykjavik i 2004 vann Petursson mot 13 år gamle Magnus Carlsen. Den islandske stormeisteren angra seinare på at han ikkje rekonstruerte og noterte ned partiet.
Men mot Agdestein gjekk det alltid dårleg for Petursson. Han var Agdesteins «favorittklient» for å nytta sjakk-bank-terminologi.
Margeir Petursson hadde talent for både sjakk og finans. Han starta sin eigen bank på Island, MP Bank (etter initialane i namnet hans), den einaste banken som ikkje gjekk dukken under den islandske bankkrisa i 2007–2008.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.