Tungemåla i verda viklar seg inn i kvarandre, og det er vel berre rett og rimeleg at vikla er kome til oss gjennom slik ihopvikling. Det tyske verbet wickeln (‘rulla, tulla, snurra’, av Wickel ‘rull, spole; hårrull; omslag’) har på eit tidspunkt rulla og tulla seg inn i norsk, truleg med dansk som mellomlekk. Me skulle kanskje tru at det vart mange forviklingar av slikt, men vandrande ord plar ikkje fløkja det til, jamvel om det kan verta ei viss varmeutvikling under topploket til dei som vil verja arveorda mot framande inntrengjarar.
Stoda er likevel litt innvikla, for her finst ikkje berre eitt vikla-verb, men (minst) tre. To av dei har vore lenge i målføra og er tekne med i Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen og Nynorsk etymologisk ordbok (1919) av Alf Torp. Det eine er vikla med tydingane ‘skipla; vrida, forstuva’ (t.d. «vikla foten»), som truleg heng i hop med vika og er påverka av vrikka. Det andre er vikla med tydingane ‘vera ustø, tvika; vimsa; klussa’, som kan vera ei samstøyping av verba vigla og vika. Korkje Aasen eller Torp nemner det tyskætta vikla-verbet (‘surra, vinda’), truleg fordi ordet var lite nytta i målføra. Avvikling nemner dei heller ikkje.
Dei mest kjende og tidgjengde vikla-orda i dag må vera utvikla og utvikling. Me talar om samfunnsutvikling, fosterutvikling, røykutvikling og produktutvikling. Både folk, verksemder og andre saker kan vera i sterk utvikling, og dersom ei usemje er i ferd med å utvikla seg til væpna strid, gjeld det å fylgja utviklinga nøye. Me kan dessutan utvikla oss sjølve gjennom arbeid, trening og hopehav med andre. Det er rett nok ikkje so moro å diskutera språkutvikling med folk som har underutvikla sans for humor, men slike samrøder kan likevel verka utviklande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.