Innvikla affære

I dreiestolen svima pasienten av. Då vart han rolegare, i alle fall for ei tid.
I dreiestolen svima pasienten av. Då vart han rolegare, i alle fall for ei tid.
Publisert

Eit menneske er ein vanskeleg og innvikla affære, skriv Hulda Garborg.

Menneskesinnet er den siste uoppdaga villmarka, skriv ein av dagens forfattarar.

Mentale avvik frå det såkalla normale, for ikkje å seie mentale sjukdommar, har nok alltid eksistert, og dei har nok alltid vore vanskelege å forstå og handtere.

Evangelia er fulle av forteljingar om det dei kalla vonde ånder, som plaga menneska dei budde i. Å jage dei vonde åndene var eit av dei undera Menneskesonen gjorde.

Ein sekulær moderne lesar vil nok lett leite etter psykiatriske diagnosar under denne lesinga.

Med utgangspunkt i evangelia meinte teologane at dei hadde høg kompetanse på å vurdere menneskesinn. Når menneske i mellomalderen såg syner eller høyrde røyster, var det viktig å finne ut om røysta kom frå Gud eller frå djevelen. Her kunne teologane hjelpe til. Meinte dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement