Mange veit at me kan reia (opp) senger og innreia bygningar og rom, men me kan reia mykje anna òg, til dømes bord, skinn og mat. Skipsreiarar bur ut skip og driv skipsfart, bokreiarar lagar og gjev ut bøker, og reiekoner, reiedeier og reiesveinar steller med og ber fram mat i gjestebod. Det er uråd å gjera reie for alt verbet reia og dei nærskylde reie-orda held på med, men dei skal i alle fall få reieleg medferd her.
Alt tyder på at reia og dei andre orda i denne flokken heng i hop med verbet rida. Adjektivet reie (t.d. «gjera seg reie til å gå») har truleg hatt grunntydinga ‘budd til å rida’, medan reia har tydt ‘bu ut, setja i stand til å rida’. Orda i denne ætta har òg vore nytta om område eller vegar som er framkjømde for ridande (eller gåande), jamfør reievad (‘vad der ein kan koma over (med hest)’) og reisleveg (‘veg som ikkje er køyrande med vogn el. kjerre, så ting må fraktast til hest, kløvveg’). Verbet reia og substantivet reie (‘utgift; servering; køyregreie; (hard) medferd’) skal vera dei same orda som greia og greie, berre at sistnemnde har førefestet g(e)-. Slik sett rimar det bra at me har seiemåtar der me kan velja kven av orda me vil bruka: Me kan gjera reie eller greie for noko.
Mange av reie-orda er komne inn i nordisk frå mellomlågtysk, men dei kom ikkje samstundes. Reia og reiskap finn me alt i norrønt, medan villreie ser ut til å vera yngre, i alle fall i norsk. Kor godt orda har greitt seg, ymsar òg. Det innlånte adverbet allereie (eig. ‘heilt reie’), som svarar til engelsk already og tysk allbereits, har gjort det skarpt. Det same gjeld beredskap (eig. ‘den tilstanden å vera budd’). Me kan vera eller gjera oss reie til noko, men mange nyttar berre reie i faste ordlag som «reie pengar» og «på reie hand». Reiug er òg sjeldsynt («vera reiug til å fara»), i alle fall jamført med engelsk ready. Som ein reier, ligg ein, og kan henda gjorde dei ikkje eit godt nok arbeid, dei som reidde grunnen for reiug?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.