Diktet

«Innbying» av Tarjei Vesaas

Publisert Sist oppdatert

Eit av dei vakraste dikta eg veit om, er «Innbying» av Tarjei Vesaas (1897–1970). Diktet dirrar av lengt og kjærleik og er fullkome på alle måtar. Det er ikkje meir å legge til.

Det er eit kort og rikt dikt som pustar. Geirr Lystrup fortalde meg ein gong at far hans Sigmund (kunstmålar og prest i Vinje) hadde spurt Tarjei om korleis han gjekk fram når han skreiv dikt? Tarjei svara at han ofte skreiv ei lita novelle først. Så byrja han å stryke og korte ned.

Diktet «Innbying» gjorde eit sterkt inntrykk på meg i ung alder. Og ein melodi ulma. På slutten av 1970-talet vart eg spurd om å framføre melodien i NRK radio. Eg sa ja og trødde til på ei sending frå Molde. Songen vart framført a cappella på direkten, men eg rota med ei tekstline så ho vart ikkje slik ho var tenkt. Og det vart ikkje fleire framføringar.

At eg rota litt med tekst og melodi, kom av at eg ikkje hadde notert songen. Og det var, og er, heilt vanleg for meg. Dei enkle melodiane som ofte kjem rekande, er gjerne tonar eg syng og spelar, men ikkje skriv ned før det har gått ei tid. På den måten vert dei kroppsleggjorde og finslipa før dei kjem på trykk. Dei får oppleve ulike former for vind og vêr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement