Skjemtfulle folk kan finna på å seia at det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida. Ja, det er sant, men her finst visseleg døme på at spåing kan vera lett. Mange av oss har til dømes spått folk med ein sjølvlaga spå. Slikt kan me greia utan spådomsevne. Å bruka ein spå er kanskje ikkje rekna som retteleg spåing, men me skal ikkje sjå bort frå at nokre av spådomane har slege til. «Ein kan spå sannare enn ein sjølv trur», som ordtaket seier. Eit anna ordtak seier at «d’er lett å spå det alle kan sjå». Men dersom alle kan sjå det, er det då spåing?
Det er i alle fall ei tett kopling mellom spåing og sjåing, og då er det ikkje rimet eg tenkjer på. Verbet spå er runne av ei indoeuropeisk rot som rett og slett tyder ‘sjå (på)’, og som kan ha sett om lag slik ut: spek. Denne rota har gjeve oss ein dunge med ord, som latin specere (‘sjå’, jf. låneord som perspektiv, respekt, spekulera og spetakkel), latin species (‘utsjånad; art; syn’, jf. spesial, spesifisera) og gresk skopos og skopein (‘sjå’, jf. biskop (eig. ‘tilsynsmann’), mikroskop, periskop). Orda spion og speida høyrer òg heime her. Dei som har spådomsevne, ser noko andre ikkje ser, men dei treng ikkje sjå det med augo. Det held å sjå det inni seg, dimed kan spåmenn og spåkoner fint vera både blinde og sannspådde.
Dersom me skal spå i handa, stjernene, grut eller kort, er det rett nok tenleg å sjå med augo eller ha ein sjåande hjelpar. Bein frå fisk, fugl og andre dyr har òg vore nytta til å spå med (spåbein). Ynskekvisten vert stundom kalla spåkvist. Før i tida fanst det folk som levde av å gå rundt og spå, og i nokon mon er det slik framleis. Ved politiske val og andre store hendingar er det i alle fall mange som finn fram spåkulene sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.