JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Inn i spåkula

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20201030
2359
20201030

Skjemtfulle folk kan finna på å seia at det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida. Ja, det er sant, men her finst visseleg døme på at spåing kan vera lett. Mange av oss har til dømes spått folk med ein sjølvlaga spå. Slikt kan me greia utan spådomsevne. Å bruka ein spå er kanskje ikkje rekna som retteleg spåing, men me skal ikkje sjå bort frå at nokre av spådomane har slege til. «Ein kan spå sannare enn ein sjølv trur», som ordtaket seier. Eit anna ordtak seier at «d’er lett å spå det alle kan sjå». Men dersom alle kan sjå det, er det då spåing?

Det er i alle fall ei tett kopling mellom spåing og sjåing, og då er det ikkje rimet eg tenkjer på. Verbet spå er runne av ei indoeuropeisk rot som rett og slett tyder ‘sjå (på)’, og som kan ha sett om lag slik ut: spek. Denne rota har gjeve oss ein dunge med ord, som latin specere (‘sjå’, jf. låneord som perspektiv, respekt, spekulera og spetakkel), latin species (‘utsjånad; art; syn’, jf. spesial, spesifisera) og gresk skopos og skopein (‘sjå’, jf. biskop (eig. ‘tilsynsmann’), mikroskop, periskop). Orda spion og speida høyrer òg heime her. Dei som har spådomsevne, ser noko andre ikkje ser, men dei treng ikkje sjå det med augo. Det held å sjå det inni seg, dimed kan spåmenn og spåkoner fint vera både blinde og sannspådde.

Dersom me skal spå i handa, stjernene, grut eller kort, er det rett nok tenleg å sjå med augo eller ha ein sjåande hjelpar. Bein frå fisk, fugl og andre dyr har òg vore nytta til å spå med (spåbein). Ynskekvisten vert stundom kalla spåkvist. Før i tida fanst det folk som levde av å gå rundt og spå, og i nokon mon er det slik framleis. Ved politiske val og andre store hendingar er det i alle fall mange som finn fram spåkulene sine.

Me kan òg bruka spå om skapningar og hendingar som ber bod om noko. Mange har lært at det spår regn når svalene flyg lågt, og at det spår velstand for brureparet når det regner i brurekrona. Adjektivet illspåen kan me nytta om illevarslande saker («ha ein illspåen draum»). Vêrvarsling vert òg omtala som spåing: «Det er spått snø til natta.» Me kan endåtil nytta spå om heilt vanlege gissingar: «Dei er heime no, spår eg.» Den tradisjonelle spådomskunsta står nok veikare no enn før, men me kan likevel spå spå ei lysande framtid.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis