Indisk totaloppleving
Anand visste kva han gjorde då han ringde i cricketklokka, og Carlsen freista gjera det same.
Foto: Lennart Ootes
Før VM-kampen i Chennai (tidlegare Madras) i 2013 var vi urolege for den norske utfordraren. Korleis vil han takla alle menneska? Kva skjer om han vert matforgifta? Men det gjekk jo bra.
Denne veka var han attende i India, no i Kolkata (tidlegare Calcutta). Ti av dei beste spelarane i verda konkurrerte i snøgg- og lynsjakk i Grand Chess Tour, men dei to hovudpersonane var sjølvsagt verdsmeister Magnus Carlsen og heimefavoritten Vishy Anand.
Anand fyller 50 år i desember, og Carlsen (29 år på laurdag) måtte før turneringa gjennom ein ganske utfordrande quiz om den lange karrieren til Anand. Han vann denne med 8 av 9 poeng. «Endeleg ein ung mann med sjakk-kultur», sa stormeister og sjakkorakel Emil Sutovskij, som var imponert over at Carlsen – med eitt unntak – kunne identifisera årstal, namn på motstandar, namn på turnering og Anands neste trekk ut frå ni «nakne» diagramstillingar.
Så var det over til cricketarenaen og landskamp mellom India og Bangladesh, der Carlsen og Anand fekk æra av å opna kampen. Anand visste kva han gjorde då han ringde i ei klokke, og Carlsen freista gjera det same. Ein milliard menneske var visstnok interesserte i denne cricketkampen, men det var òg fullt på sjakkarenaen neste dag.
Carlsen var i form. Dei tre fyrste dagane med snøggsjakk gav seks sigrar og tre remisar utan tap. Den fjerde dagen med lynsjakk var òg nesten perfekt. Skulle alt gå smertefritt denne gongen? Nei, den femte dagen kom spysjuka. Under dei fyrste partia hadde Carlsen store problem med å halda seg på beina. Mot den indiske stormeisteren Vidit baud han remis etter berre fem trekk. Men mot slutten av dagen stabiliserte magen seg, og Carlsen kunne avslutta med nok ein siger mot Anand. Dei tre partia dei to imellom enda med 3–0 til Carlsen.
Sluttstillinga, Kolkata, nov. 2019:
1. M. Carlsen 27 av 36 p.
2. H. Nakamura 23
3.–4. A. Giri 18,5
3.–4. W. So 18,5
5. Ding Liren 18
Måndag byrjar finalespelet i årets Grand Chess Tour i London.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.