Ord om språk
Ikkje kven som helst
Denne språkspaltisten vil helst skriva om substantiv, adjektiv og verb. Det beste er å grava i ei av desse store ordklassene og finna eit ord som ter seg i heller mange vendingar og samansetjingar. Men adverba er ikkje so dumme, dei heller. Til dømes er bruken av heller og helst mangslungen, og det er heller tvilsamt om me rekk innom alt her.
I dag er heller og helst komparativ og superlativ til gjerne (norr. gjarna). Gjerne kjem av eit gamalt adjektiv (norr. gjarn ‘lysten’) som heng i hop med gir (‘trå, ihuge’), gjerrig og lånordet begjær. I norrønt støyter me på komparativen gjarnara, men gradbøying med heldr og helzt var vanleg alt då. No er den løysinga einerådande. Gjerne høyrer soleis til flokken med adverb som har former laga av ulike røter, jamfør ille – verre – verst og vel – betre – best.
Nokre har gissa at heller (og helst) er i ætt med halda og har endra tyding slik: ‘som held betre’ > ‘fastare, sterkare’ > ‘snarare, meir, betre’. Det er vandt å seia noko fullvisst om opphavet, so lat oss heller sjå kva heller driv med i målføra. Der finn me former som helde, hell, hellan, hellår, heldan, heill og heldo. Stundom vert ordet nytta som konjunksjon i staden for eller. Sjølv kan eg seia: «Var det du hell je som sku’ gjøra det?» Etter ein komparativ kunne norrønt heldr (og heldr en) tyda ‘enn’. Mange nyttar framleis ordet slik: «Ho gjorde det meir hell éin gong.»
Men hovudtydinga til heller er ‘med større lyst’, og denne tydinga svingar seg jamt: «Eg tek heller vatn.» «Me vil heller gå enn springa.» Ei nærskyld tyding er ‘med større grunn, rettare, snarare’: «Det er heller ljost enn mørkt.» «Ja, det kan du heller seia.» Rimeleg nok kan superlativen helst tyda ‘snarast, truleg’: «Det er helst min feil.» «Det er helst slik det heng saman.» Nokre nyttar òg helst i tydinga ‘eigenleg, i røynda’: «Kva var det eg helst skulle seia?» «Kva helst gjeld det?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.