Ord om språk
Ikkje det plukk
Teikning: May Linn Clement
Å plukka ut dagens ord kan vera vanskeleg, for ordhyllene byrjar verta utplukka. Difor gjer me det lettvint i dag og plukkar plukka. Me skal laga plukkfisk av det! I alle fall plukka litt på det og sjå om det dukkar opp noko artig og interessant.
I norrønt hadde verbet formene plokka og plukka. Det kom inn i nordisk frå lågtysk, som har plukka det opp frå romanske mål. Granskarane meiner at plukka kjem av mellomalderlatin piluccare, som kjem av klassisk latin pilare (‘draga ut, ta bort håra på’), av pilus (‘hår’). Nærskylde ord er verba pela og pella og substantivet plysj (‘fløyelsstoff med lange fibrar’).
Det norrøne plukka tydde ‘ribba (fjør av fugl); riva, rykkja; ta frå ein noko’. Framleis vert plukka nytta om å nappa hår (t.d. augnebryn) og fjører. Fuglar som «plukkar seg», driv og dreg ut fjørene sjølve. Frå tysk kjem vendinga «ha ei høne å plukka med nokon» (ha ei uoppgjord sak).
Det hender at folk plukkar på kvarandre i bokstavleg meining og kjem med bilen og plukkar oss opp eller plukkar opp skiten etter bikkja, men mykje av plukkinga vår er biletleg. Me kan venja folk av med noko og seia at me har «plukka av dei unotane». Ikkje minst kan me plukka opp idear og plukka frå kvarandre ein påstand. Idrettsutøvarar likar å plukka poeng.
Mange plukkar etande godsaker og fine vokstrar ute. Bærplukkarar kan plukka bær med bærplukkar (plukkereiskapen) eller gå for handplukking. Folk plukkar blomar, frukt, potet og sopp. Sjølvplukk er ofte rimelegare enn ferdig plukka og pakka varer, men tjuvplukking skal me helst ikkje driva med.
Plukking inneber ofte at me vel ut noko. Ved plukkhogst plukkar ein ut og høgg einskilde tre, til skilnad frå flatehogst og snauhogst. Handplukka plar me nytta i overført tyding om folk og saker som er utvalde etter nøye vurdering: «Alle i styret er handplukka.» Når plukka står saman med i eller på, er tydinga gjerne ‘pirka’ («plukka i maten», «plukka seg i nasen», «plukka på eit sår»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.