Når me er dårlege eller i dårleg humør, vil me helst sleppa å høyra dårlege vitsar fortalde av folk som er dårlege til å fortelja vitsar. Eller er det motsett? Kan det tenkjast at alt det dårlege til saman vert so rekorddårleg at me brest i lått?
Me kan i minsto slå fast at det som er eller går dårleg, ofte dreg andre dårlege saker etter seg. Dårlege avlingar og dårleg fangst kan gjeva folk dårleg råd, og dei som lever i dårlege kår, har radt dårlegare helse enn dei som sit betre i det. Merk likevel at me kan leva i dårlege tider utan å ha dårleg tid.
Dårleg er ikkje eit dårleg ord, men tilhøvet mellom uttale og skriftform er innfløkt. Mange av oss, til dømes me som har eit austnorsk målføre, uttalar midtbolken i ordet dårleg annleis enn me uttalar midtbolken i ord som særleg og herleg. I dårleg har me mestsom ein tjukk eller flat l, medan l-en i særleg og herleg er tynn. Kvifor er det slik? Vel, opphavleg var det ingen r i dårleg, slik det var i særleg (norr. sérligr) og herleg (frå gamalsaksisk herlik).
I norrønt finn me adjektivet dáligr (‘låk, klein, usæl; ill, vond’, jf. svensk dålig). Dette ordet kan me framleis bruka. Dåleg vêr, sova dåleg, vera dåleg kledd, eit dåleg arbeid – alt dette er korrekt nynorsk. Dei av oss som seier dårleg med tjukk l, har ein uttale som heng att frå dette gamle og r-lause ordet. Opphavet til dåleg er uvisst, men ordet kan vera i ætt med dåna og døy. I eldre dansk finn me òg dette ordet (daalig), men etter kvart kom det lågtyske adjektivet dorlik og blanda seg inn. Sistnemnde heng i hop med dåre og vart nytta i tydinga ‘tåpeleg, vanvitug’. Dansk daalig vart daarlig, og forma med r fann vegen inn i norsk. Det kvardagslege adjektivet dårleg er soleis ei ihopblanding av dåleg (‘låk, klein; ill’) og dårleg (‘tåpeleg, vanvitug’).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.