Ikkje arbeidsfør

Verdsklassespelaren Beljavskij freista konkurrera på den opne marknaden mot rugby­spelarane i Lviv.
Verdsklassespelaren Beljavskij freista konkurrera på den opne marknaden mot rugby­spelarane i Lviv. Verdsklassespelaren Beljavskij freista konkurrera på den opne marknaden mot rugby­spelarane i Lviv.
Publisert

Den mest fanatiske sjakkspelaren verda har sett, Viktor Kortsjnoj (1931–2016), kjend frå hatduellane mot verdsmeister Karpov, hadde ein augneblink med sjølvinnsikt: «Å vera profesjonell sjakkspelar er eit merkeleg val for eit vakse menneske. Vi lever i ei imaginær verd, der vi berre ser 64 felt i svart og kvitt.»

Bobby Fischer sa det slik: «Kvifor spelar eg sjakk? Av di eg ikkje vil arbeida.» Den engelske verdsklassespelaren Michael Adams sa det same tretti år seinare: «Det beste med å vera sjakkspelar er at ein aldri må gå på jobb.»

I Sovjetunion var det ikkje noko problem: Sjakken var ein yrkesveg, ikkje berre så god som nokon annan, men betre enn alternativa. Men med oppløysinga av unionen i 1991 miste sjakkbohemane den faste løna si. Ei gruppe ukrainske stormeistrar med Aleksandr Beljavskij i spissen freista lukka i den nye turistbusinessen i Lviv. Dei konkurrerte med ein gjeng rugbyspelarar om å lokka utanlandske turistar med på ekskursjonar og museum. «Det kan godt henda de er geniale,» sa ein av rugbyspelarane til sjakkbohemane, «men no får vi sjå om de kan arbeida med menneske i den verkelege verda.» Rugbyspelarane vann suverent og vart millionærar, medan sjakkspelarane vende attende til sjakken. Beljavskij sette om ikkje anna ein rekord på sjakkbrettet: Han har vunne mot ni ulike verdsmeistrar.

For eit par år sidan skreiv den amerikanske sjakkbohemen Greg Shahade, rangert som om lag nummer 1000 i verda, ein artikkel med overskrifta: «Eg er 38 år gamal og har aldri hatt ein vanleg jobb.» Shahade lever på foreldra og gjev privatundervisning 4–5 timer i veka, om det er heilt naudsynt. For nokre år sidan kunna han, som mange andre sjakkbohemar, tena litt pengar på nettpoker, men no er pokernivået på internett for høgt i Asia og Aust-Europa til at det er mogleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement