Frå sjakkverda
I ulag
Dei spanske arrangørane som ikkje ville la israelarane representera landet sitt.
Foto: Sestao Chess Club
Utan historia, tradisjonane og personlegdomane er sjakken berre eit brettspel, sikkert det mest populære brettspelet på internett, særleg etter pandemien, men den sjakken eg kjenner, er knappast til å kjenna att. Sjakkverda er i ulag.
Verdsmeisteren D. Gukesh (19) er berre rangert som nummer 3 i India og nummer 6 i verda. Denne veka tapte han mot A. Mishra, ein 16 år gamal amerikanar med indiske røter. Den beste amerikanaren på papiret er Hikaru Nakamura (37), men han har slutta å spela mot likemenn. Han held seg til amatørturneringar der han nærast er garantert siger i kvart parti og ein framgang på eitt ratingpoeng dagleg. Han har no 2816 i rating og kvalifiserer seg som nummer to på verdsrankinga til kandidatturneringa neste år. Om han vinn der (noko eg ikkje trur), møter han Gukesh til VM-kamp. Verdseinaren Magnus Carlsen (34) med 2839 i rating spelar heller ikkje tradisjonelle turneringar lenger, men det har vi visst lenge.
I dette vakuumet kjem det nokre nyhende av ymist slag. Transkvinna Yosha Iglesias (37) vart fransk meister for kvinner. Slikt er godt stoff for media. Eg skreiv ei dobbeltside om temaet for Dag og Tid i 2021, ei sak der kvart ord vart vege på gullvekt. Minst like oppsiktsvekkjande var avgjerda til ein spansk turneringsarrangør om å nekta israelske deltakarar å spela under israelsk flagg. Verdssjakkforbundet Fide tvinga arrangøren snøgt til retrett.
Saka er eit sårt punkt for mange. Russarane har vore nekta å representera landet sitt på resultatlistene i lang tid, samstundes som den russiske (sjakk-)eliten nyttar Israel som ei naudhamn. Sentrale personar styrer russisk sjakk og verdssjakkforbundet Fide frå Israel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.