I tidlegaste laget

Publisert

Stundom arbeider me frå tidleg morgon til seinaste kvelden. Det kan vera fint, det, i alle fall i ein periode. Men dei som byrjar dagen tidleg, vil ofte leggja seg tidleg òg – ikkje sitja oppe til langt på kveld. Me ser det same mønsteret i voksterriket: «Det som tidleg blømer, vil tidleg bleikna», seier ordtaket. Og: «Det som tidleg mognar, vil tidleg morkna.» Men korleis skil me tidleg frå seint?

Tidleg er naturleg nok i ætt med tid, som i sin tur er i ætt med time. Tidlegare var tidleg synonymt med timeleg: Dei to orda vart nytta om det jordiske og tidsavgrensa, motsetnaden til det åndelege og ævelege. Me kan framleis nytta tidleg slik, jamfør dette bruksdømet frå Nynorskordboka: «Gud er korkje romleg eller tidleg.» Det vanlegaste er likevel å nytta tidleg om saker og hendingar som mestsom er plasserte langt framme i ein tidbolk. Me plar til dømes bruka tidleg om det som ligg nær byrjinga av noko, som er mellom dei fyrste i ei rekkje eller i eit tidsavsnitt, jamfør seiemåtar som «tidleg i veka», «i dei tidlegaste tider» og «tidleg i mellomalderen». Tidlegpoteter mognar tidlegare enn andre, og tidlegvinteren er den fyrste delen av vinteren. Dersom noko hender veldig tidleg, kan me gripa til førefeste som gry- og ør-: grytidleg, ørtidleg.

Komparativforma tidlegare er god å ha når me vil målbera at noko hender eller har hendt før noko anna: «Dei tek eit tidlegare tog.» «Han er ein tidlegare kollega av meg.» Dersom noko hender i god tid før noko anna tek til, plar me òg bruka tidleg. Me kan seia at nokon «er tidleg ute» eller kjem «i tidlegaste laget». Det er stundom leitt å vera for tidleg ute med noko, men om me skal tru ordtaka, er det betre enn alternativet: «D’er betre å koma for tidleg enn for seint.» «D’er betre å tala for tidleg enn for seint.» Å verta fødd for tidleg kan like fullt vera livsfarleg, og mange har røynt at det er dumt å gleda seg for tidleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement