JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

I tidlegaste laget

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2365
20190607
2365
20190607

Stundom arbeider me frå tidleg morgon til seinaste kvelden. Det kan vera fint, det, i alle fall i ein periode. Men dei som byrjar dagen tidleg, vil ofte leggja seg tidleg òg – ikkje sitja oppe til langt på kveld. Me ser det same mønsteret i voksterriket: «Det som tidleg blømer, vil tidleg bleikna», seier ordtaket. Og: «Det som tidleg mognar, vil tidleg morkna.» Men korleis skil me tidleg frå seint?

Tidleg er naturleg nok i ætt med tid, som i sin tur er i ætt med time. Tidlegare var tidleg synonymt med timeleg: Dei to orda vart nytta om det jordiske og tidsavgrensa, motsetnaden til det åndelege og ævelege. Me kan framleis nytta tidleg slik, jamfør dette bruksdømet frå Nynorskordboka: «Gud er korkje romleg eller tidleg.» Det vanlegaste er likevel å nytta tidleg om saker og hendingar som mestsom er plasserte langt framme i ein tidbolk. Me plar til dømes bruka tidleg om det som ligg nær byrjinga av noko, som er mellom dei fyrste i ei rekkje eller i eit tidsavsnitt, jamfør seiemåtar som «tidleg i veka», «i dei tidlegaste tider» og «tidleg i mellomalderen». Tidlegpoteter mognar tidlegare enn andre, og tidlegvinteren er den fyrste delen av vinteren. Dersom noko hender veldig tidleg, kan me gripa til førefeste som gry- og ør-: grytidleg, ørtidleg.

Komparativforma tidlegare er god å ha når me vil målbera at noko hender eller har hendt før noko anna: «Dei tek eit tidlegare tog.» «Han er ein tidlegare kollega av meg.» Dersom noko hender i god tid før noko anna tek til, plar me òg bruka tidleg. Me kan seia at nokon «er tidleg ute» eller kjem «i tidlegaste laget». Det er stundom leitt å vera for tidleg ute med noko, men om me skal tru ordtaka, er det betre enn alternativet: «D’er betre å koma for tidleg enn for seint.» «D’er betre å tala for tidleg enn for seint.» Å verta fødd for tidleg kan like fullt vera livsfarleg, og mange har røynt at det er dumt å gleda seg for tidleg.

Når me nyttar formuleringar som «våren kom tidleg i år» og «eg gjekk tidleg heim frå arbeid», brukar me det vanlege eller normale som utgangspunkt. Me kan òg seia om unge folk at dei «vart tidleg vaksne». Det tyder som regel ikkje at dei var tidleg utvikla, men at dei fekk (for) mykje ansvar i barneåra og byrja te seg vakse tidlegare enn det som er normalt.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

IdaHauge Dignes

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis