I ope landskapDei beste sjakkspelarane likar seg ikkje i ope landskap, der ein kan mista kontrollen. Dei har det betre når dei spelar mot kvarandre i lukka turneringar med ti verdstjerner. Men Magnus Carlsen har vunne alt som er å vinna i den lukka sjakkve

Bibliotekar James Tarjan er bror til Princeton-professoren Robert Tarjan, som har vunne Turing-prisen, den høgaste prisen i informatikk. Sjølv har James Tarjan vunne mot Kramnik.
Bibliotekar James Tarjan er bror til Princeton-professoren Robert Tarjan, som har vunne Turing-prisen, den høgaste prisen i informatikk. Sjølv har James Tarjan vunne mot Kramnik.
Publisert

Dei beste sjakkspelarane likar seg ikkje i ope landskap, der ein kan mista kontrollen. Dei har det betre når dei spelar mot kvarandre i lukka turneringar med ti verdstjerner. Men Magnus Carlsen har vunne alt som er å vinna i den lukka sjakkverda, og vågar seg no ut til folket. Han fekk denne veka fylgje av eksverdsmeistrane Vishy Anand og Vladimir Kramnik til den britiske øya Isle of Man, øya som Magnus Lagabøte gav frå seg i 1266. Kramnik skulle angra djupt på at han lét seg lokka til dette eventyret.

På Isle of Man har arrangøren skipa til årets sterkaste opne turnering der kven som helst kan vera med. I tredje runde møtte Kramnik ein spelar som la opp sjakken for 33 år sidan. Den gamle mannen vann gullmedalje for det amerikanske OL-laget i 1976, året etter at Kramnik vart fødd. Men James Tarjan tok ein pause frå sjakken i tre tiår, og byrja i 1984 eit nytt liv som bibliotekar. Han seier at han i dag spelar som «ein talentfull treåring» som gjer stadige framsteg.

På Isle of Man skjedde det som ikkje kan skje i nokon annan sport. Superveteranen Tarjan (65) slo juniorveteranen Kramnik (42). Den same runden var dramatisk òg for Carlsen. Han drog på tur til det høgaste fjellet på øya, toppen med det norrøne namnet Snaefell (Snøfjell). 621 meter over havet, med godt utsyn utover øya, skjøna verdsmeisteren at han ikkje ville nå attende til spelelokalet i tide til rundestart. Heldigvis har ein i sjakkverda ein uoffisiell «Carlsen-Kasparov Tolerance Rule». Ingen sjakkdomar kan starta sjakklokka før Carlsen (eller Kasparov) er på plass i lokalet! (For vanlege sjakkspelarar gjeld ein «Zero Tolerance Rule», der ein tapar partiet om ein kjem for seint).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement