I naudverjeOrdtaket seier at « vandt å verja der alle vil herja». Det er visseleg rett, men det kan vera vanskeleg å verja elles òg. Kva gjer du når den du er sett til å verja, set seg til motverje? Og kva er skilnaden på verjeånder og verjeonder?

Publisert

Ordtaket seier at «d’er vandt å verja der alle vil herja». Det er visseleg rett, men det kan vera vanskeleg å verja elles òg. Kva gjer du når den du er sett til å verja, set seg til motverje? Og kva er skilnaden på verjeånder og verjeonder?

Verbet verja har vart seg godt oppgjennom tida. Det ser ut til å koma frå urnordisk *waríjan- og seinare *warjan-, som dinest har fått former som norrønt verja, svensk värja, gamalengelsk werian, tysk wehren og vårt verja. Bokmålsforma verge kjem frå dansk. Eit nærskyldt ord har dessutan kryssa grensa mellom den indoeuropeiske og den finsk-ugriske språkfamilien: Finsk varjo (‘vern, skugge’) er eit lån frå urnordisk, til liks med kuningas (‘konge’), harras (‘ihuga; hard, streng’) og fleire. I norrønt har substantivet fått forma verja (‘vern, forsvar; forvaring’), og vendinga «hafa í verju» svarar til vårt «ha i si verje».

Verjing er ei mangslungen verksemd. Både levande og livlause saker kan verja, som når veggen ver godt for vinden. Du kan verja deg sjølv eller andre – eller sjølv vera den som må verjast. Umyndige personar har ofte vore nøydde til å ta seg ei verje, jamvel om dei strengt teke har vore i stand til å råda seg sjølv. Einslege kvinner måtte lenge ha ei lagverje: ein person som greidde med pengesakene deira. Elles veit me at bygningar òg treng tilsyn, jamfør kyrkjeverja.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement