«Di meir ein hastar, di meir ein heftest.» Det har me vel røynt, alle i hop? Når ein hastar av stad eller freistar ordna noko i stor hast, er det fort gjort å sneia eller skumpa borti, riva ned, snåva, gjera ukloke val eller gløyma noko viktig. Dei var nok kloke av skade, dei som laga dette ordtaket: «Måteleg hast er best.» Men hastverk er ikkje lastverk støtt. Mange hasteoperasjonar er vellukka, og det er sagt og vedteke mykje glupt i hastemøte.
Me kan trygt seia at hast og hasta hastar frå stad til stad. Orda piler ikring og får ikkje lange kvilestunda før dei må ut på nye hasteoppdrag. Når det gjeld opphavet, lyt me gå varsamt fram og ikkje draga forhasta slutningar. Hast og hasta skal vera komne inn i nordisk frå lågtysk, som har lånt orda frå gamalfransk (haste og haster, jf. fransk hâte og hâter), som i sin tur har lånt dei frå germansk. Engelsk haste (‘hast, hastverk, annsemd’) er same ordet som vårt hast (jf. òg ordlaget «haste is waste» ‘hastverk er lastverk’). Hast skal elles vera i ætt med heftig.
I den store ordboka til Aasen finn me ei rad hastande ord: brennhast, bråhast, bråhastig, forhasta, hast, hasta, hasteleg, hastig, hastmodig, hastråd («Beslutning som man fatter i en Hast») og hastverk. Sistnemnde vert i dag ofte nytta i tydinga ‘det å ha lita tid’ («ha hastverk»). Opphavleg tydde det ‘noko som er utført i skunding (på ein lite omhugsam måte)’. Det er denne tydinga me støyter på i «hastverk er lastverk». Nokre arbeider godt under tidspress, men samanhengen mellom hast og last er likevel sterk. Når me seier at noko ser ut til å vera gjort i all hast («boka er eit hastverksarbeid»), er det sjeldan rosande meint.
«Dei forhastar seg ikkje», kan me seia om folk som etter vår meining er vel avslappa og ikkje kjem i gang før det verkeleg byrjar hasta. Om dei derimot hastar ut og inn og ser på alt som ei hastesak, kan me spørja: «Har det slik bråhast (el. brennhast)?» «Kva er det som hastar slik?» «Det har vel inga hast?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.