I fullt mål

Publisert

Lytt til artikkelen:

Om sumaren er det fint å vasa ikring og gjera alt anna enn å setja seg høge mål, men det finst folk som har mange reisemål dei skal rekka over: Dei held seg ikkje heime i utrengsmål. Me kan i alle fall slå fast at mange av oss – ubunde av magemålet – likar å ha måltida utandørs når vêret er godt. Dei som ikkje kokar middagsmålet sjølv, må syta for å vera på plass når maten kjem på bordet, for som ordtaket seier: «Den som ikkje passar mål, får supa kald kål.»

Me har to mål i målet vårt, og båe er svært mangslungne. Det eine tyder mellom anna ‘tale(evne); språk; røyst; utsegn, sak’. Det andre tyder ‘storleik, mengd; måleining; grense, merke; stad; tid (jf. åremål); måltid; mjølkemengd’ og dilikt. Det er ikkje lett å seia noko presist om skyldskapen mellom mål og mål, men det kan henda at dei er runne av den same rota.

Her skal me samla oss om det mål-ordet som har med storleik å gjera. Substantivet har ikkje endra seg stort sidan mellomalderen (norr. mál), men kva med verbet som høyrer til? Norrønt mæla kom seg heilskinna inn i mange målføre og var eineform i landsmålet til Aasen. Forma er nok ikkje like mykje nytta i tale i dag, og ho er i alle fall mindre nytta i skrift. I 1917 kom forma måla inn i rettskrivinga og gav mæla konkurranse, og i 2012 gjekk mæla ut or den offisielle nynorsknorma. Dimed kan me ikkje mæla opp ei tomt eller mæla krefter med nokon om me skal fylgja rettskrivinga. Me lyt måla.

Nokre tykkjer at denne endringa er som eit sjølvmål å rekna, og då er me inne på eit felt der mål gjer det skarpt: idretten. Der finst det målvakter, målfoto, målstrek, baklengsmål og mangt anna. Nokre av sportsvendingane sig inn i daglegtalen, til dømes kan ein påstand vera «(heilt) bak mål». Me kan òg bruka mål i vidare tyding om stader eller punkt me ynskjer å nå, jamfør «nærma seg målet», «vera målmedviten», «målet er å …», «målet orsakar måten» (el. «målet helgar middelet»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement