I fullt alvor

Publisert

«Alvor og gaman går ofte saman», seier ordtaket. Hovudregelen er at moroa kjem fyrst og alvoret etter: «D’er mangt som yppest med skjemt og endar med alvor.» I lengda er det leitt med berre alvor, so skjemten plar smyga fram att etter ei stund, i alle fall hjå dei av oss som ikkje er alvorsmenneske. Men kan me seia at alvor er eit alvorsord?

Alvor er i alle fall eit arveord som har vore med oss lenge. Forma alvor er rett nok påverka av dansk. Den norrøne – og islandske – forma er alvara (f.), og i svensk finn me allvar (n.). Då Ivar Aasen granska målføra, fann han hokjønnsformer som ølvøro og ølvuru og inkjekjønnsformer som ollvor, ålvore og alvor. Landsmålsnormalen hans tillèt både ålvora (f.) og ålvore (n.), og han nytta sjølv båe formene. I landsmålsordlistene frå tidleg på 1900-talet er ålvora (f.) og ålvor (n.) tekne med, men når me kjem til 1917, er ålvora ute, og alvor (n.) er kome inn ved sida av ålvor (n.). I 1938 står berre alvor att – som i bokmål.

Sidan alvor ofte vert nytta om ærlege meiningar, er det lett å tenkja at ordet har noko med tysk wahr (‘sann’) å gjera. Granskarane seier noko anna. Dei meiner at substantivet alvor kjem av eit germansk adjektiv som er ihopsett av ala- (‘heil’, jf. all) og -wara (‘var, aktsam’). Grunntydinga ‘heilt aktsam’ har seinare endra seg til ‘omtenksam, venleg, påliteleg, seriøs’. Me brukar ofte alvor om meiningar og utsegner som er ærlege, viktige og ikkje skjemtande, jamfør vendingar som «seia noko i fullt alvor», «ta ein alvorsprat» og «seia nokon eit alvorsord». Alvorleg kan tyda ‘røynleg, ærleg, verd å ansa etter’, jamfør «meina det alvorleg», «alvorleg tala», «ikkje ta noko(n) alvorleg».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement