I full svingHårnålssvingar kan setja fantasien i sving, men me lyt hugsa å svinga på rattet òg. Dessutan er det viktig at me ikkje sit og svingar begeret medan me køyrer, for me er ikkje gode sjåførar når me er på ein sving (jf. vera på ein snurr). Om me k

Publisert

Hårnålssvingar kan setja fantasien i sving, men me lyt hugsa å svinga på rattet òg. Dessutan er det viktig at me ikkje sit og svingar begeret medan me køyrer, for me er ikkje gode sjåførar når me er på ein sving (jf. vera på ein snurr). Om me køyrer begersvingande inn i ein ulukkessving og prøver å kutta svingen, kan det gå retteleg gale.

Svinging er ikkje farleg i seg sjølv. Grunntydinga til svinga er ‘røra (seg) att og fram’, men me kan òg bruka det om å føra noko i boge («svinga sverdet»), slengja («svinga seg frå grein til grein»), dreia eller snu («svinga rundt neset»), dansa, spela og vera prega av rytmisk intensitet («det svingar»). Til liks med svensk svinga og dansk svinge er vårt svinga lånt frå lågtysk swingen. Andre former av dette germanske verbet er engelsk swing og tysk schwingen. Opphavleg var swingen/svinga eit sterkt verb, og fortidsforma svang finst i nokre målføre. Folk kan òg seia at dei har svungi eller svøngi.

Svinga viser støtt til ei rørsle av noko slag. Når prisane, pendelen eller folkemeininga svingar, og når det er store temperatursvingingar, er det ikkje nett tale om stillstand. Dessutan er det krevjande å svinga mellom von og vonløyse og vera plaga med humørsvingingar. Sidan svinging inneber rørsle, er det meir eller mindre umogleg å «vera i full sving» med å slappa av. Den som er i full sving, plar røra seg mykje og snøgt, og når me svingar innom eller oppom nokon, er det gjerne tale om ei stutt vitjing eller eit ærend som er snøgt unnagjort. Men det kan verta for mykje av det gode: Stundom går det for fort i svingane – og mange har mislukkast med å hoppa av i svingen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement