I mange tilfelle fell det lett å nytta orda fall og falla, for dei er påfallande mangtydige og slett ikkje falleferdige. Stundom fell det oss inn at me kan nytta desse orda når hår, klede og gardiner heng eller ligg (godt): «Ho har fall i håret.» «Kjolen fell fint.» Men det fell òg naturleg å nytta orda om dramatiske og fæle saker: «Han fall i krigen.» «Festninga fall, og mannefallet var stort.» «Der var mange falne og såra.» Å falla i klørne på dauden er verre enn å falla mellom to stolar, men det suraste er vel å falla for eige grep?
Eplet fell ikkje langt frå stamma, vert det sagt, og falla har ikkje falle so langt frå opphavet sitt: Den germanske grunnforma kan ha vore fallan-. Norrønt falla, engelsk fall, tysk fallen (osb.) er i alle tilfelle runne av same rota. Etymologien er noko uviss, men grunntydinga kan ha vore ‘slå, støyta’. Falla er elles i ætt med fall, fella (jf. domfella) og felle (jf. musefelle). Ordet tilfelle ter seg i norrøne kjelder og er truleg eit tidleg lån frå lågtysk. Me veit òg at norrønt fall vart nytta som grammatisk nemning for ‘kasus’, slik ordet framleis vert nytta i færøysk og islandsk (t.d. islandsk eignarfall ‘genitiv’). Det er eit omsetjingslån: Latin casus tyder just ‘fall’.
Hovudtydinga til falla er ‘detta, styrta ned’, og som ordtaket seier: «D’er snarare gjort å falla enn å reisa seg.» Ord som fossefall, fallskjerm og seiemåtar som «lauvet fell», «falla og slå seg» og «tanna fall ut» viser til slike fysiske fall. Andre seiemåtar har ei kopling til det fysiske, men vert helst nytta biletleg, til dømes «falla i god jord», «falla i grus» og «falla i stavar» (opphavleg nytta om kjerald). Temperatur og trykk kan ikkje falla på same måte som lekamar, men dei kan minka og verta veikare. Minking vert gjerne oppfatta som ei rørsle nedetter, jamfør temperaturfall, trykkfall og «fallande måne».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.