I eigne rekkjer

Publisert

Mange av oss har lært at me skal rekkja fram handa når me møter nye folk, og når me har halde på slik i ei årrekkje, kan det vera vanskeleg å venja seg av med det. Å rekkja tunge er derimot usømeleg og noko me helst ikkje skal gjera, i alle fall ikkje når ei farsott er ute og rekkjer (her: ‘går på måfå, fer frå stad til stad’).

Det knyter seg ei rekkje spørsmål til verbet rekkja og substantivet rekkje. Når me rekkjer faret etter desse orda, ser me at dei truleg er i ætt med adjektivet rak. Det rimar bra, for me nyttar ofte rekkja i tydinga ‘strekkja opp, ut eller fram, spenna, retta’. Men korleis er tilhøvet mellom rekkja og rekka (‘nå; strekka til, vera nok; vara’)? Til skilnad frå rekkja har rekka sterk bøying (rakkrokke), og somme ordbøker seier at rekka truleg kjem av norrønt hrøkkva (‘rukkast; krypa i hop; fara unna’, sterkt verb), medan rekkja kjem av norrønt rekja (‘strekkja ut; røkja etter; greia ut, seia fram’, lint verb). Tydingsendringa til rekka, frå ‘krypa i hop’ til ‘strekka til’, kjem venteleg av påverknad frå lågtysk recken.

Å rekkja kan vera ei heilt vanleg, lekamleg rørsle, som når me rekkjer opp handa, rekkjer nokon eit fat eller rekkjer skinn (‘strekkjer og skrapar (barka) skinn’). Me kan òg overrekkja eitkvart. Hendene spelar dessutan hovudrolla når me rekkjer opp noko me har strikka eller hekla, og me kan jamvel nytta rekkja om hår: «Ho rekkjer opp flettene.» So har me ei rad biletlege tydingar. Me kan bruka rekkja om å fortelja noko (utan atterhald), å finna eller fylgja spor etter nokon og å fylgja ei rekkje (av hendingar, tankar, folk e.l.) attover: «Han rekkjer utor seg alt han veit.» «Dei har rekt vegen etter henne.» «Det er ein lang tråd å rekkja» (d.e. ei lang hendingsrekkje å fylgja attover).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement