Å fanga ordet snar i ei snare er snarare sagt enn gjort. Rett nok er det vanlegast å seia at noko er «lettare sagt enn gjort», men seiemåten «snarare sagt …» finst òg, noko som i grunnen er heilt rimeleg, for det snare og det lette kjem ofte i fylgje. Eit snart arbeid er eit lett arbeid, og snarbedne folk er lette å beda. Og som me alle har røynt: «Det er snarare gjort å detta enn å risa opp.»
Om me tek oss ein snartur innom ordbøkene, ser me at adjektivet snar med adverbet snart heng saman med eit germansk verb som tyder ‘slyngja, tvinna, snu, knyta i hop’. Adjektivet snar kan ha hatt grunntydinga ‘som dreiar seg, slengjer seg snøgt’, som sidan er endra til ‘snøgg; brå; lett; tidleg ferdig’. I den same ætta finn me verbet snara (‘vrida, dreia; surra ikring; snurra’) og substantivet snare (‘lykkje; fangstreiskap; felle’). Ordet besnæra (frå dansk) høyrer òg heime her: Det tydde opphavleg ‘fanga i snare’ og har seinare fått tydinga ‘lokka, få makt over nokon ved å freista dei’. Den siste familiemedlemen me skal nemna, er substantivet snar (‘vriding, floke; buskas, kratt’). I snar kan me byggja hus, jamfør «Lillebrors vise» av Prøysen: «Pelle har lagd seg et hus av bar/ inni et snar,/ fått lov av far.»
Det finst mange måtar å vera snar på. Me kan vera snarføtte, snarhendte, snarsinte, snartenkte og snarsvæve (d.e. at me sovnar snøgt). Dersom me treng å finna ei snarleg løysing, kan me setja snarråduge folk på saka. Ein snarfaren veg er lett å fara, ein snarveg tek oss snøgt fram, og snarvaksne planter og dyr veks snøgt. Det er jamvel mogleg å vera snarlik einkvan. Då er me svært like nokon, i alle fall ved fyrste augnekast. Elles veit me at «lukka er snar til å snu seg», og at «det er betre å vera føre var enn etter snar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.