«Verda er vid, men endå sit somme for trongt», seier ordtaket. På tronge stader kan det hjelpa å setja dører og gluggar på vid vegg eller vidt gap, men det beste er visst å koma seg ut og fara vidt ikring. Ei rekkje ordtak slår fast at slik ferding gjev røynsle og kunnskapar: «Den som vida fer, er visare enn den som heime er.» «Den som vida vankar, han alltid noko sankar.»
Anten du fer mykje eller lite, langt eller stutt, er det godt å ha ordet vid innanfor rekkjevidd. Me kan bruka ordet til å målbera at noko har stor lengd og breidd eller femner om mykje på andre måtar. Buksa kan vera vid i livet, og me kan bruka eit ord i vid tyding. Vid har ingen nære slektningar i germansk og er truleg svært gamalt. Ordet er jamvel med i ei urnordisk runeinnskrift som er datert til 400-talet (den svenske Röstenen). Der kan me lesa om «vide sår», det vil seie opne eller gapande sår. Det er heilt rimeleg å nytta vid på den måten, for vid kjem truleg av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘frå kvarandre’.
Av vid kjem substantiva vidd(e) (til dømes fjellvidd, Hardangervidda) og vidd(e) (til dømes rekkjevidd), som i røynda er same ordet. Me kan bruka vidd når me vil seia noko om omfanget, storleiken eller lengda på noko, jamfør livvidd, brystvidd og spennvidd. Det som er innanfor skotvidd, kan me skyta. Det som er innanfor synsvidd og høyrevidd, kan me sjå og høyra. Ja, me kan endåtil ha vidopne augo. So vidt eg veit, vert me ikkje vidsynte av ordet vid åleine, men me kan verta vidgjetne på den vide verdsveven (World Wide Web) jamvel om me er heilt på viddene eller på vidåtta eller på vidvanke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.