Mange har det siste året lengta etter fjerne land, fjerne farvatn, fjerne himmelstrok – kva som helst, berre det er ein fjerntliggjande stad. For dei som ikkje har høve til å vera lenge borte frå heimen eller arbeidet, er ferieturar til fjerne destinasjonar ein fjern draum i vanlege år òg. Å sitja heime og sjå reiseprogram i fjernsynet er ikkje heilt det same.
Fjern har so å seia fjerna det ordet som opphavleg vart nytta til å målbera at noko er ‘langt unna, langt bort(e)’. Det gamle adverbet fjerre (norr. fjarri) er nok framleis i bruk i norsk, men vanleg er det ikkje. Det er annleis i engelsk: Der har ordet forma far og er på farten jamt (jf. «far away», «so far», far-fetched). Ei anna gamal form er fjerr. I Norsk Ordbog skriv Aasen at fjerr jamnast ter seg saman med nær («nær og fjerr»), og at det ofte vert uttala fjær. Me kan framleis nytta fjerr og fjerre – og verbet fjerra («fjerra seg» ‘fjerna seg’) – i nynorsk, men for mange ligg det fjernt å nytta noko anna enn fjern og fjerna. Fjern har kome til oss frå dansk, og forma tykkjest vera ei ihopblanding av den lågtyske forma vern(e) og eldre dansk fjær (jf. fjerr).
Når me skal seia at noko er langt unna i bokstavleg meining, er det gjerne fjern me grip til. Me ser noko i det fjerne, me fjernstyrer noko, me byter frå nærljos til fjernljos, folk kjem frå fjern og nær. Om biblioteket i nærleiken ikkje har det me vil låna, kan dei ordna med fjernlån. Men det fjerne treng ikkje ha med handfaste saker og fysiske fråstandar å gjera. Ein person som sit rett attmed oss, kan verka fjern, vera fjern i blikket, smila fjernt. Lekamen er til stades, men hugen eller tankane er ein annan stad. Elles veit me at folk, teoriar og planar kan vera livsfjerne eller røyndomsfjerne. Men vert fjerne slektningar mindre fjerne om dei flytter inn i grannehuset?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.