Ord om språk

I beste meining

Publisert

Nokre seier det dei meiner, andre meiner noko anna enn det dei seier. Dei slår på skåka (el. sleden) og meiner merra. Tilhøvet mellom utsegn og meining er i det heile fælt innfløkt. Den me talar ved, kan lesa ei anna meining inn i utsegna enn den me sjølve meinte å bera fram. Ei vending nytta i biletleg meining kan verta teken bokstavleg, og eit velmeint råd kan uroa eller eggja opp mottakaren. Då er me ofte snare med å seia at det ikkje var slik meint, at det var sagt i beste meining eller ikkje so gale meint som det var sagt. Er det meining i slikt?

Den rådande meininga mellom granskarar er at meina (norr. meina) er kome til oss frå lågtysk, men dei er varsame med å meina noko om opphavet elles. Ordet er lett å kjenna att i notidsmåla ikring oss, som dansk mene, svensk mena, engelsk mean og tysk meinen. I mange målføre har meina blanda bøying (både e- og a-bøying), eller som Aasen skriv i Norsk Ordbog: «Nyere Ord (efter T. meinen), med vaklende Bøining, ofte i Præs. med ar, men i Imperf. sædvanlig med te (meinte).»

Stundom greier me ikkje å gjera oss opp ei meining om noko. Dessutan finst det saker me ikkje har noka (for)meining om i det heile. Andre gonger veit me kva me meiner, og det kan jamvel henda at me meiner alvor. Folk som vågar å seia meininga si, til og med når ho er uvanleg eller lite omtykt, får radt høyra at dei har sine meiningars mot.

Å møta meiningsmotstandarar kan vera krevjande, men slike møte er naudsynte, etter mi meining. For det vert vel keitt og meiningslaust i lengda å berre vera i lag med meiningsfellar? Mange finn glede i å lesa meiningsberande aviser og ta del i det me kallar meiningsutveksling, meiningsskifte eller meiningsbyte. Gode meiningsskifte kan få folk til å skifta meining, medan tekster med meiningsvillande prentefeil fyrst og fremst vekkjer irritasjon. Om ein verkeleg vil setja folk i egse, kan ein prøva å hindra fri meiningsbryting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement