Språk

I bane rundt bane

Publisert

Anten me kjem inn på forbrytarbana eller vel ei lovlydugare laupebane, kjem bane til å bana seg veg inn i talen vår. Me kjem til å tala om banenett, rullebaner og folk som set banerekordar i lange baner. Men har ord som baneanlegg og banesår same heimebane?

Det er lett å tenkja at ord som liknar, må vera i ætt. Røynda er meir innfløkt, og Ivar Aasen var mellom dei som harmast over lettvinne og beint fram galne etymologiske utgreiingar. «Det var dog bedre at beholde sine Tanker for sig selv end at lede sine Læsere paa Afveie ved falske Formodninger», skriv han i føreordet til Norsk Ordbog. Men når det gjeld bane (‘veg, line’, hankjønns- eller hokjønnsord) og bane (‘fæl daude; drapsmann o.l.’, hankjønnsord), er det ikkje berre tale om ytleg likskap: Orda ser ut til å vera i ætt. Sistnemnde er rett nok eit arveord (norr. bani), medan bane (‘veg’) er eit lånord frå lågtysk. Båe orda er truleg runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘slå’. Tydinga ‘slå’ kan fint vera utgangspunkt for ord for ‘veg’ (jf. òg verbet bana ‘jamna el. rydda ein veg, brøyta’).

Stundom nyttar me bane om ein veg eller del av ein veg, som når me seier at einkvan legg seg midt i køyrebana. Me kan jamvel nytta bane (og slitebane) om den delen av eit dekk som rullar på underlaget, og dersom slitebana er nedsliten, får ein slita skikkeleg på glattkøyringsbana. Vanlegast er det å nytta bane om ‘skjenegang’, jamfør jarnbane, tunnelbane (T-bane) og undergrunnsbane. Ofte seier me berre bane eller bana, og so går det fram av samanhengen kva for bane det er tale om: «Me lyt få meir gods over på bane.» «Ta bana heim.» «Dei sender det med bana.» I tankane og talen vår har me biletlege baner, jamfør banebrytarar som «tenkjer i nye baner» og «bringar noko på bane».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement