I alt vesentlegEin fange er ein fengsla person som tradisjonelt har sete innestengd på eit rom, dimed kunne me ha sagt at den fengsla personen er eit fengselsvesen eller

Publisert

Ein fange er ein fengsla person som tradisjonelt har sete innestengd på eit rom, dimed kunne me ha sagt at den fengsla personen er eit fengselsvesen eller romvesen. Men det plar me som kjent ikkje gjera. Fengselsvesen er samnemning for alt som gjeld fengsel og innsette i eit land, og romvesen er utanomjordiske skapningar – «verdsromvesen». Men kva er so eit vesen?

Oppgåva til vesena er å vera. Me kan nesten seia at vesen er verbet vera i forklednad: Vesen er lånt frå lågtysk wesen og tysk Wesen (n.), eit substantiv som kan sporast tilbake til den germanske infinitiven wésan- (‘vera’). Vesen kan soleis minna litt om essens, som kjem av latin essentia (‘vesen’) av verbet esse (‘vera’). Både vesen og essens kan nyttast i tydinga ‘grunnhått, kjerne’, jamfør seiemåtar som «sjølve vesenet i ein ting», «kunstens vesen» – og ein vesensskilnad er ein grunnleggjande skilnad. Ordbog over det danske Sprog opplyser dessutan at tydinga og bruken av ordet vesentleg truleg er påverka av latin essentialis (‘som har med eksistensen el. røynda å gjera, vesentleg’). Det er ikkje lenger vanleg å bruka vesentleg i tydinga ‘eksisterande, røynleg’, men me kan bruka ordet til å målbera at noko høyrer til den eigenlege og faste kjernen i noko, eller at det er den viktigaste delen av noko.

Sjølve vesenet i ein ting kan vera usynleg og vanskeleg å gripa. Men vesenet til ein person kan me ofte sjå og kjenna, som når me merkar at einkvan har «eit vinnande vesen». Rett nok kan veremåten til andre gå oss på nervane: «Eg hatar Per og alt hans vesen.» Er det retteleg ille, kan me bruka vesen til å målbera at einkvan er eit kryp: «Ditt ynkelege vesen!» Med andre ord kan me bruka vesen om både eigenskapar og åtferd, og dersom åtferda er uynskt, kan me tala om uvesen, til dømes «uvesenet med å dumpa søppel i naturen». Dessutan kan me bruka vesen om ståk og styr: «Ikkje gjer noko vesen av det.» «Dei skal støtt gjera vesen av seg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement