JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

I alt vesentleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20180323
2364
20180323

Ein fange er ein fengsla person som tradisjonelt har sete innestengd på eit rom, dimed kunne me ha sagt at den fengsla personen er eit fengselsvesen eller romvesen. Men det plar me som kjent ikkje gjera. Fengselsvesen er samnemning for alt som gjeld fengsel og innsette i eit land, og romvesen er utanomjordiske skapningar – «verdsromvesen». Men kva er so eit vesen?

Oppgåva til vesena er å vera. Me kan nesten seia at vesen er verbet vera i forklednad: Vesen er lånt frå lågtysk wesen og tysk Wesen (n.), eit substantiv som kan sporast tilbake til den germanske infinitiven wésan- (‘vera’). Vesen kan soleis minna litt om essens, som kjem av latin essentia (‘vesen’) av verbet esse (‘vera’). Både vesen og essens kan nyttast i tydinga ‘grunnhått, kjerne’, jamfør seiemåtar som «sjølve vesenet i ein ting», «kunstens vesen» – og ein vesensskilnad er ein grunnleggjande skilnad. Ordbog over det danske Sprog opplyser dessutan at tydinga og bruken av ordet vesentleg truleg er påverka av latin essentialis (‘som har med eksistensen el. røynda å gjera, vesentleg’). Det er ikkje lenger vanleg å bruka vesentleg i tydinga ‘eksisterande, røynleg’, men me kan bruka ordet til å målbera at noko høyrer til den eigenlege og faste kjernen i noko, eller at det er den viktigaste delen av noko.

Sjølve vesenet i ein ting kan vera usynleg og vanskeleg å gripa. Men vesenet til ein person kan me ofte sjå og kjenna, som når me merkar at einkvan har «eit vinnande vesen». Rett nok kan veremåten til andre gå oss på nervane: «Eg hatar Per og alt hans vesen.» Er det retteleg ille, kan me bruka vesen til å målbera at einkvan er eit kryp: «Ditt ynkelege vesen!» Med andre ord kan me bruka vesen om både eigenskapar og åtferd, og dersom åtferda er uynskt, kan me tala om uvesen, til dømes «uvesenet med å dumpa søppel i naturen». Dessutan kan me bruka vesen om ståk og styr: «Ikkje gjer noko vesen av det.» «Dei skal støtt gjera vesen av seg.»

Ofte nyttar me vesen i den endeframme tydinga ‘skapning’, og her finst levande vesen, overnaturlege vesen og so frametter. Institusjonar og liknande skipnader er kanskje ikkje skapningar. Men vesen er dei: Me har til dømes brannvesen, helsevesen, likningsvesen, tollvesen og vegvesen. Nokre av dei vert stundom oppfatta som uvesen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis