JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hyse

Fisken som må settast pris på for å vere verd noko.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hyse eller kolje? Same det, vel.

Hyse eller kolje? Same det, vel.

Foto: Siri Helle

Hyse eller kolje? Same det, vel.

Hyse eller kolje? Same det, vel.

Foto: Siri Helle

3738
20180202
3738
20180202

I alle dagar! Eit stort hol i allmennkunnskapen er nett oppdaga: Kolje er det same som hyse. Her har ein gått og trudd at kolje skal røykast og serverast med kvit sos og kokt gulrot, medan hyse skal malast til farse og steikast til fiskekaker, serverte med smelta smør og rå gulrot. Og så syner det seg at det i røynda er same fisken, som altså kan serverast på nett kva måte ein vil. Godt ein ikkje vert for gamal til å lære.

Årsaka til min nyvunne kunnskap var konklusjonen i NOFIMA-rapporten «Regulering og kvalitet på fiske etter hyse»: I fiskerinasjonen Noreg slepp 17.000 tonn kvotepliktig hyse unna kvart år.

Et meir hyse

Hyse er, med vår noverande kunnskap, ein berekraftig hausta torskefisk. Ho lever på botnen, som regel ein stad mellom 40–300 meter under havoverflata, og et det meste ho finn der nede – større mat di meir ho veg. Ei hyse kan verte over meteren lang og nærare tjue kilo. Er du så heldig å få henne over ripa, kan du kjenne henne att på eit tydeleg overbitt og ein svart flekk på sida av kroppen rett under fyrste ryggfinnen.

Sidan hysa i havet lever så tett på kameratane torsken og seien, heng kvotane deira saman òg – i det minste nord for 62. breiddegrad. Ein skal sleppe å måtte kaste bifangst over bord om ein får hyse i staden for torsk på lina eller i garnet – for det vil ein mest truleg få.

Det vil likevel ikkje seie at kvaliteten på fisket ikkje heng saman med kva ein i hovudsak fiskar på, syner NOFIMA-rapporten. Dei finn at for mykje hyse vert tatt som bifangst; han blir ikkje prioritert og får difor dårleg kvalitet. Men dei går hakket lenger: «Effektivitet prioriteres foran kvalitet.»

Hysa er ekstra sårbar for dårleg handtering. Fiskekjøtet går fort sundt, mellom anna. «Slike kvalitetsfeil på råstoffet gir lavere utbytte, høyere produksjonskostnader, lavere produktfleksibilitet, lavere priser og til slutt dårlig omdømme for hele næringen. Hyse er trolig den enkeltart hvor det trolig er mest å hente verdimessig ved å forbedre dagens fangst- og produksjonsregime», seier rapporten.

Gje oss betre hyse

Fiskarar prioriterer ikkje å ta vare på kvalitet, fordi det ikkje lønner seg. Prisskilnaden er ikkje stor nok, skriv forfattarane. Men dei syner òg at hyse tatt med line betalar seg kring ein tredjedel betre per kilo enn hyse tatt med snurrevad.

Burde ikkje det utgjere ein skilnad? Tydelegvis ikkje nok. Kanskje er effektivitetskrava i fiskeriet så strenge at det er umogleg å prioritere kvalitet. Rapporten syner at kvaliteten er klart best på hyse tatt med line, lågast på snurrevad og dårlegare di høgare struktureringsgrad – altså di større kvotar fartøyet som har tatt hysa, har. «Vi antar at det er prioritering av effektivitet foran kvalitet, heller enn strukturering i seg selv som er årsaken», understrekar forfattarane.

Det dei ikkje skriv, men som eg les mellom linjene, er eit sterkt motsetnadsforhold mellom fiskemottak og fiskar, kjøpar og seljar. Dette er smått merkeleg for ein som er for godt van med samvirkeorganisasjonane i jordbruket. Kanskje er det greitt å ha med seg i ein kvardag kor ein stadig – og med god grunn – kritiserer landbrukssamvirke for å ta feil val: Alternativet er ein mottaksindustri som ikkje tør krevje betaling for kvalitet av redsle for å miste kundar, og ein råvareleverandør som verken får betalt for kvaliteten han kanskje leverer, eller ser landkrabbane som samarbeidspartnarar med felles mål. Og, til sjuande og sist, eit prispress som gjer at 17.000 tonn – til ein verdi av 200 millionar kroner – ikkje vert fiska. Det heile synest temmeleg unødvendig.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det dei ikkje skriv,

men som eg les

mellom linjene, er eit

motsetnadsforhold

mellom fiskemottak

og fiskar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis