Hummarkrig i Norden

Undervasskjera vest i havet frå Iddefjorden var svenske. Svenskane vakta skjera med dette fyrskipet frå 1900 til 1929.
Undervasskjera vest i havet frå Iddefjorden var svenske. Svenskane vakta skjera med dette fyrskipet frå 1900 til 1929.
Publisert

Hummaren er kalla havets kardinal. Den levande hummaren er svart og mektig. Den kokte er raud og dominerande på bordet. Hummaren er ein delikatesse, og er prisa deretter. Og så verdifull som han er, har han skapt mykje strid. Om sommaren fartar politiet rundt på Sørlandskysten for å passe på at ikkje byfolket, i fredingstida, tjuvfiskar hummaren sørlandsfiskarane skal leve av i den lovlege perioden. Bøtene for tjuvfiske kan bli høge.

Noko av det første vi gjorde då vi hadde kvitta oss med unionen i 1905, var å gå i strupen på svenskane om eigedomsretten til eit feitt hummarfelt i grenseområdet i sør.

Då grensa mellom Noreg og Sverige vart fastlagd i 1751, vart ho dregen ut Iddefjorden. Lenger ut i havet trongst inga grense. Her var ingenting av verdi å dele på.

Og så dukka hummaren opp, mot slutten av 1800-talet.

I det grensefrie området, ute i havet, auka hummartalet sterkt, medan det minka innanfor den norske grensa. Og dei norske fiskarane følgde hummaren dit han var, til det grensefrie området. Og der var også dei svenske fiskarane. Konflikten var eit faktum. Regjeringane sette ned ein kommisjon for å greie ut saka.

Stridens eple var Grisebåane, nokre undervasskjer 18 km sørvest for Hvaler, 18 km vest for Strømstad. Var dei svenske eller norske? Svaret på spørsmålet ville avgjere kvar fiskegrensa gjekk. Kommisjonen sprakk. Dei svenske medlemane ville leggje grensa nord for desse skjera. Då vart skjera svenske, og det grensefrie hummarområdet ville bli svensk. Dei norske medlemane ville leggje grensa sønnafor skjera. Då vart skjera norske, og hummarområdet norsk. Svenskane fann støtte for sit syn i svenske jorde- og kyrkjebøker. Dei meinte også at Sverige alltid hadde rådd over dette området. Nordmennene fann støtte hos dei norske hummarfiskarane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement