Hummar

Svart hav. Delikatesse eller dilemma?

Ferdig kokt, men framleis i nærleiken av sitt rette element. Burde vi ha late han vere der han var?
Ferdig kokt, men framleis i nærleiken av sitt rette element. Burde vi ha late han vere der han var?
Publisert

Kva er den største fordelen ved å bu ved havet? Regn, rå og fuktig luft er det iallfall ikkje. I det minste ikkje på denne tida av året, fem blå grader er kaldare her enn innaskjers. Derimot kan det vere dei endelause solnedgangane eller den nesten like endelause himmelen: Den lange horisonten er god å ha på korte, tronge dagar.

Men om vi ser vekk frå det mentale, og i staden går økonomisk til verks: Kan den største fordelen ved å bu ved havet vere dei to–tre månadane i året ein kan hauste hummar utan å betale ei krone?

Fiskar vi tomt?

Mellom 1. oktober og 30. november kan kven som helst hauste om lag så mykje hummar ein vil i Sogn og Fjordane (og heilt til svenskegrensa, med nokre unntak; nordover er sesongen lenger). Eg kom litt seint i gang, men har likevel rokke å trekke 13 glinsande svarte hummarbeist opp av havet. Ti av dei fekk vere med heim, tre måtte hivast attende: Ein var for liten, og to var for fruktbare.

Gratis hummarfiske for alle som gidd å registrere seg via MinID eller BankID eller liknande, og få sitt eige deltakarnummer hjå Fiskeridirektoratet, inneber nemleg ikkje at vi berre kan fiske som vi vil: All hummar under 25 centimeter er freda. All hummar med synleg rogn er freda. Kvart deltakarnummer og kvar båt kan ha maksimalt ti teiner i havet samstundes. I tillegg finst det til saman 14 reservat langs norskekysten der det ikkje er lov å fiske hummar i det heile.

Kvifor er det slik? Vel, den sanninga høver ikkje så godt inn i det romantiske biletet av kystlivet: Eigentleg er det truleg for lite hummar til at vi alle burde få lov å fangste fritt på han. Truleg har talet på hummar minska i Noreg sidan 1960-åra, og i haust har forskarar brukt ord som «kritisk» og «historisk» om kor lite hummar som er i havet vårt. Så kvifor held vi fram med å fiske han?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement