Frå historia
Høyberging
Bonden kunne leggje alt til rette, men sjølve tørkinga matte naturen stå for. Her styrte vêrgudane. Og dei var lunefulle og mektige, skriv Andreas Skartveit.
Foto: Digitalt museum
I siste halvpart av 1800-talet vart det som var av norsk korndyrking, utkonkurrert av billeg importert korn, først og fremst frå Ukraina og Midtvesten.
Norsk jordbruk vart då etter kvart eit husdyrjordbruk, som det framleis er.
Dei veksande husdyrflokkane måtte ha mat, også om vinteren, som kan vere lang i ein del norske bygder.
Hovudoppgåva på dei fleste norske gardsbruka vart å produsere vinterfôr til dei ulike husdyra.
Og vinterfôret kunne vere så mangt: lauvkjervar, trebork, gjerne av alm, som hadde den beste borken, ein del rotfrukter, som nepe og kålrot, men først og fremst gras av ulikt slag.
Graset vart tørka til høy, som tolte lagring om det var godt tørka slik at grasplanten var totalt livlaus når han vart lagd i høystakken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.