HostenIngen av borna visste kvar han budde, om han hadde nokon plass å bu, eller om han hadde familie. I Noreg har vi framleis nokre få slike, i Sovjet var han ein av mange tusen etter krigen. Sjakklæraren Roman Stepanovitsj Pljusjnin var ein god amatør.

Den fyrste og siste boka om Salomon Flohr.
Den fyrste og siste boka om Salomon Flohr.
Publisert

Ingen av borna visste kvar han budde, om han hadde nokon plass å bu, eller om han hadde familie. I Noreg har vi framleis nokre få slike, i Sovjet var han ein av mange tusen etter krigen. Sjakklæraren Roman Stepanovitsj Pljusjnin var ein god amatør.

Ei av dei fyrste store hendingane i den nye sovjetiske sjakken var duellen i 1933 mellom den unge sovjetiske stjerna Mikhail Botvinnik og den nye tsjekkiske verdsklassespelaren Salomon Flohr. To år seinare kom den store turneringa i Moskva med verdsmeistrane Lasker og Capablanca – og den nye vinen med Botvinnik og Flohr.

Pljusjnin fekk alltid god kontakt med borna når han fortalde om den gongen han var tilskodar under turneringa i 1935. Læraren hadde sjølv sett Lasker og Capablanca! «Vi fekk ikkje anda når han kom med desse historiene», skriv Vladimir Mosjtsjenko 70 år seinare. Pljusjnin hadde ei rykking i høgre kinn og hosta ganske ofte, men borna likte mannen og gav han kjærlege kallenamn. Då ein gut etter ei hostekule sa lågt og ertande at «Pljukha» hadde tuberkulose, tok dei andre borna læraren i forsvar.

Ein gong i 1945 spela læraren simultant mot alle borna. Han tapte eitt parti, mot vesle Vladimir. «Du har god intuisjon og fantasi, gut, lat oss spela eit parti éin mot éin.» Vladimir vart nervøs og tapte snøgt. «Du må læra deg sjakknotasjonen og studera partia til meistrane», sa læraren og hosta diskré i handa. «Du skal få ei gåve neste gong.»

Gåva var ei bok med partia til Botvinnik og Flohr frå 1933. «Dette er alt eg har, eg skulle gjerne ha gjeve deg turneringsboka frå 1935 òg, men den må du finna ein annan plass.» Røysta til læraren var hås, men Vladimir var over seg av lukke: «Ei sjakkbok! Botvinnik og Flohr!» Ein månad seinare døydde Pljusjnin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement