«Der det er ein hop, må det vera ein kop», seier ordtaket. Somme tykkjer at hopen er ein einaste stor kop, og seiemåten «den gemeine hop» vert stundom nytta nedsetjande. Mange har hug til å vera betre enn storhopen, men dersom alle skal skilja seg ut frå hopen, får me ei opphoping av «avhoparar», og då er me i grunnen komne like langt.
Hop er eit lågtysk låneord som har vore med oss heilt sidan mellomalderen, jamfør norrønt hópr. Ordet er i ætt med engelsk heap (‘haug; masse’), tysk Haufen (‘haug; mengd, flokk’) og låneorda hyppa (‘grava jord opp om, molda’) og adjektivet hyppig (eig. ‘i hopetal’). Etymologien til desse orda er uviss. Det me derimot veit, er at hop går godt i hop med i, eller som Ivar Aasen skriv i Norsk Ordbog (1873): «Dette i Hop har her en stor Anvendelse og bruges (ligesom Svensk ihop) som et hverdagsligt Udtryk i Stedet for saman, i forskjellige Betydninger.»
Me kan mellom anna nytta «i hop» om mengder og tilfang, jamfør «draga i hop» og «skrapa i hop». Det som er ihopdrege, kan med rette kallast hop: pengehop, folkehop, stjernehop. Me kan òg nytta «i hop» om ein masse som vert tettare (t.d. «siga i hop», «søkka i hop», «kverva i hop»), og om lekamar i visse stillingar (t.d. «bøya i hop», «krøkja i hop», «rulla i hop»). Når ulike saker nærmar seg eller rører borti einannan, kan me òg bruka «i hop», som i ordtaket «d’er godt når endane når i hop». Det tyder at dei gamle forsyningane varer til dei nye kjem, med andre ord: at endane møtest. Samanstøytar mellom folk kan me målbera slik: «Det bar i hop (med dei)».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.