Hønsefrikassé

Kongen på ferdigmathaugen er ei seig, gamal kjerring.

Desse norske hønene måtte halde seg inne etter utbrotet av fugleinfluensa i England i 2007.
Desse norske hønene måtte halde seg inne etter utbrotet av fugleinfluensa i England i 2007.
Publisert

Endeleg! Jepp, eg spanderer eit utropsteikn. For dette skjer ikkje så ofte. Til vanleg går eg mellom butikkhyllene og kjenner på vemodet, oppgjeven over at haustens nyheiter i år som i fjor er samansett av nye aromastoff i yoghurten, nye pølsekombinasjonar på ferdigpizzaen og nye skrukorkar på rømmeposane. Kva skjedde med råvarene? Kvifor handlar innovasjon om å tilsette nye smakar, ikkje skape nye produkt?

Det var likevel ikkje berre fordi forventningane var låge eg jubla bitte lite grann høgt over kva eg fann på Meny i Sogndal denne veka. Sjølv om eg var overraska: Produktet eg fann, var trass alt ein ferdigmiddag. Hønsefrikasseen frå Vossakjøt har heldigvis like lite med tradisjonell ferdigmat og hurtigmat å gjere som med det gjengse matnyheitsproduktet.

Forståelege ord

For det fyrste inneheld pakken lite eg ikkje kjenner att som mat. Og det er den fyrste tommelfingerregelen for god ferdigmathandel: Kjøp mat som inneheld ord du forstår. Eg kunne spart meg for tørka glukosesirup og antiklumpemiddel, men når resten av ingrediensane er så forståelege som 50 prosent høne, vatn, gulrot, kålrot og purrelauk, er både posesausar og pizzabotnar slått ned i støvlane for min del.

For det andre er råvare ei etterlengta nyvinning: Det var på tide at ferdigvarebransjen tok tak i høneoverskotet vårt. Kjøt av høne er seigare enn kjøt av kylling. Det må kokast lenger. Men når kokinga vel er gjord, er produktet langt meir velsmakande. Gamal ku smakar meir enn ung kalv, og gamal høne meir enn altfor hurtigvaksen kylling. Det er perfekt for storkjøken, som har høve til å la ting koke både lenge og vel, så lenge det vert gode og nokolunde rimelege produkt av det til slutt.

Frå kylling og egg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement