Hønsa i jernbanedebatten
General Nikolaus von Falkenhorst opna Sørlandsbanen med normalspor til Stavanger ved Moi stasjon 1. mai 1944.
Lytt til artikkelen:
I 1854 vart sentralbana mellom Eidsvold og Christiania opna, vår første jernbane. Det var mykje debatt og tautrekking før eit så stort prosjekt kunne realiserast. Og kapitalen var engelsk.
Så var jernbanen på plass i norsk politikk, der han i all ettertid har levd og kravd stort rom.
I dag diskuterer vi jernbanens organisasjonsform, kven som skal drive jernbanen, og planen om jernbane frå Bodø og nordover er regelmessig oppe og vaker i media.
Noreg er mykje land og lite folk. Vi bur spreitt, og det skaper mykje samferdsel. Og lokaliseringsdebatt.
Kven skal få nytta av nye store investeringar som fellesskapet gjer, til vegar, flyplassar, jernbaneliner, forsvarsanlegg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.