Mat

Høns i regnvêr

Sjølvberging for hytteeigarar utan vegsamband.
Publisert Sist oppdatert

Det er mykje snakk om høns no for tida. Verdas rikaste land har nemleg bestemt at dei skal bli endå vanskelegare å få tak i.

Det er jo eit kraftig signal frå tidsånda at titals tonn fullt brukeleg mat går direkte inn i betongproduksjonen. Kaboom!

Her kjem gutane som veit å sløse med mat. Hei, kor det går! Kvar gong vi går forbi eit nytt betongbygg, får vi vel berre tenkje oss at det seier klukk-klukk-klukk inni der: Pål sine høner på Sankthanshaugen.

Nei, eg minnest den folkelege og fargerike venstrepolitikaren Lars Sponheim, som for tjue år sidan meinte at kvar mann burde ha si høne. Det er framleis ein god idé. Sjølv om du bur i byen, er det jo flust av bustader med gras og grønt på taket, så det er berre å setje i gang. Arkitektane burde gjere seg flid med å alltid teikne inn hønsehus på toppen av alle bygningar.

Eg har sjølv mange gode minne om høner frå barndomen. Onkel og tante på Tau i Rogaland hadde høner på garden, og eg fekk jobben med å finne egga, som desse merkverdige dinosaurfuglane likte å gøyme i høyet på låven.

Ei anna artig oppleving var då eg i vaksen alder skulle hjelpe ein kompis med å frakte fire høner i båt til ei veglaus hytte på Hvaler. Det regna tettare enn under monsunen i India, og me skulle hente dei på ein gard i Askim. Dette Askim viste seg å vere ein merkeleg stad som det var plent umogleg å finne fram i med kart, kompass og GPS, men til slutt kom me no til gards og fekk overlevert fire Lohmann-høner i ei flott pappkasse med luftehol og rikeleg med trespon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement