Hokuspokus filiokus
Altartavla i Oslo domkyrkje syner Jesus på krossen og skipinga av nattverden.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix
Dette er eit mektig trylleord. Det er det tryllekunstnaren seier når han dreg kaninen opp av hatten, før han tryllar han bort igjen, til stor forundring for eit entusiastisk publikum. Og når vi seier at det er noko hokuspokus i ei sak, meiner vi å gje uttrykk for tvil og skepsis. Her er ikkje alt som det skal vere.
Dette trylleordet ber med seg ein tung arv, blytung av meining.
Første delen av trylleordet kjem frå den latinske nattverdsliturgien, Jesu ord då han skipa nattverden. «Dette er min lekam», seier han i bibelen vår når han deler ut brødet. På latin blir det Hoc est corpus meum.
Nattverden har alltid vore eit omstridd mysterium, eit sakrament. Kva var det som skjedde den kvelden i evangelia, og sidan ved altarringen? Er det Jesu kjøt og blod, bokstaveleg tala, som blir omdelt, eller må det forståast symbolsk? Katolikkane meiner at brødet og vinen ved seremonien blir omskapt til Kristi kjøt og blod. Det får ny substans, og det som skjer, blir i teologien kalla transsubstansiasjon. Luther meinte at brødet og vinen vart verande brød og vin, men at Kristus var til stades i den substansen som var. I teologien heiter det konsubstansiasjon.
Lærestridane var harde, og kyrkjesamfunn med ulik nattverdslære kan ikkje ha nattverd saman.
I 1903 slo nattverdsstriden inn i norsk politikk med dramatisk styrke. Det skulle tilsetjast ein professor i systematisk teologi. Universitetet innstilte ein mann, Johannes Ording, som hadde ei nattverdslære som var meir reformatorisk enn luthersk, meir transsubstansiell. Slik vranglære ville ikkje lekfolket ha. Det kokte i lekfolket og på Stortinget. Statsrådar måtte gå, mellom andre Hans Nielsen Hauge, soneson til den store Hans Nielsen Hauge. Regjeringa Michelsen heldt på å bli sprengd på nattverdsforståinga, midt under det store oppgjeret med svenskane. «Svart mellomalder», sa Sigurd Ibsen, som sat i regjeringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.