Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hokuspokus filiokus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Altartavla i Oslo domkyrkje syner Jesus på krossen og skipinga av nattverden.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix

4040
20181019
4040
20181019

Dette er eit mektig trylleord. Det er det tryllekunstnaren seier når han dreg kaninen opp av hatten, før han tryllar han bort igjen, til stor forundring for eit entusiastisk publikum. Og når vi seier at det er noko hokuspokus i ei sak, meiner vi å gje uttrykk for tvil og skepsis. Her er ikkje alt som det skal vere.

Dette trylleordet ber med seg ein tung arv, blytung av meining.

Første delen av trylleordet kjem frå den latinske nattverdsliturgien, Jesu ord då han skipa nattverden. «Dette er min lekam», seier han i bibelen vår når han deler ut brødet. På latin blir det Hoc est corpus meum.

Nattverden har alltid vore eit omstridd mysterium, eit sakrament. Kva var det som skjedde den kvelden i evangelia, og sidan ved altarringen? Er det Jesu kjøt og blod, bokstaveleg tala, som blir omdelt, eller må det forståast symbolsk? Katolikkane meiner at brødet og vinen ved seremonien blir omskapt til Kristi kjøt og blod. Det får ny substans, og det som skjer, blir i teologien kalla transsubstansiasjon. Luther meinte at brødet og vinen vart verande brød og vin, men at Kristus var til stades i den substansen som var. I teologien heiter det konsubstansiasjon.

Lærestridane var harde, og kyrkjesamfunn med ulik nattverdslære kan ikkje ha nattverd saman.

I 1903 slo nattverdsstriden inn i norsk politikk med dramatisk styrke. Det skulle tilsetjast ein professor i systematisk teologi. Universitetet innstilte ein mann, Johannes Ording, som hadde ei nattverdslære som var meir reformatorisk enn luthersk, meir transsubstansiell. Slik vranglære ville ikkje lekfolket ha. Det kokte i lekfolket og på Stortinget. Statsrådar måtte gå, mellom andre Hans Nielsen Hauge, soneson til den store Hans Nielsen Hauge. Regjeringa Michelsen heldt på å bli sprengd på nattverdsforståinga, midt under det store oppgjeret med svenskane. «Svart mellomalder», sa Sigurd Ibsen, som sat i regjeringa.

Professoren vart utnemnd, og lekfolket braut ut og skipa sin eigen presteskule, Menighetsfakultetet, som langt på veg overtok presteutdanninga i Den norske kyrkja. Og den lutherske nattverdsforståinga var sikra.

Slik kom nattverdsforståinga til å setje djupe merke i norsk politikk og kyrkjeliv.

Når dette var så omstridd og vanskeleg å forstå, er det kanskje ikkje så rart om latinen, hoc est corpus meum, som heller ikkje så mange forstod, vart til hokuspokus, som kom til å stå for det underlege og uforståelege, som det framleis gjer.

Andre delen av trylleordet, filiokus, går tilbake til striden om Jesu guddom i urkyrkja, striden om kristologien. Korleis skulle ein forstå at Kristus var både gud og menneske, likeordna den allmektige Gud? Det heitte seg at Den heilage ande gjekk ut frå Faderen. Så var Heilaganden på plass i guddomen. I den vestlege kyrkja la dei etter kvart til «og frå Sonen» – filioque på latin. Så var Heilaganden også knytt til Sonen, som då var likestilt med Faderen.

Så var den treeinige guden ordna og på plass. Faderen og Sonen vart likeordna, og Heilaganden gjekk ut frå dei begge.

Av dette vart det langvarige og harde lærestridar, med kyrkjekløyving og forfølging. Arianarar og nestorianarar gjekk eigne vegar.

Striden om filioque vart eit stort stridspunkt mellom dei latinske og dei greske kyrkjene. Det er gjort mange forsøk på skape kompromiss, utan resultat. Eit kyrkjekonsil i 1439 laga eit kompromiss som sa at grekarane godtok filioque, men dei måtte ikkje ha det med i truvedkjenninga si. Det rakna då tyrkarane tok Konstantinopel i 1453. No vart det storpolitikk. Grekarane valde ein patriark som forkasta kompromisset. Og filioque splitta dei to katolske kyrkjene for godt.

Trylleordet hokuspokus filiokus er med andre ord fullasta med tung, konfliktfull og seriøs historie.

I historieskrivinga er det orda, språket, som fortel historia.

Men det finst også ord, som hokuspokus filiokus, som har si eiga, fullasta historie.

At striden om nattverden og Jesu guddom skulle samlast i eit trylleord på sirkus, er av dei underlege påfunna historia ser ut til å more seg med.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis