Dyrisk
Hoggorm
Raude auge med loddrett pupill og brunt sikksakkmønster på ryggen er sikre kjenneteikn på den europeiske hoggormen (Vipera berus). Foto via Wikimedia Commons
Er du redd for slangar? Det er ikkje så merkeleg, frykta for slangar ser ut til å liggje nedarva djupt i nervesystemet til mange pattedyr, også hos oss menneske. Og dette er tida på året tida då hoggormen, den einaste norske giftslangen, kjem ut frå vinterdvalen for å varme seg opp i vårsola.
Før utgangen av april er sesongen for hoggormbit som regel godt i gang. Diverre for alle dyreeigarar er nyfikne hundar og kattar i faresona for nærkontakt med hoggorm, og over tusen familiedyr blir behandla for hoggormbit kvart år.
Hoggorm av ulike slag finn vi over størsteparten av verda, og mange av artane er blant dei giftigaste og farlegaste slangeartane i verda, som den amerikanske klapperslangen. Alle hoggormar har hole hoggtenner som ligg hengsla attover i munnen, og som blir vippa fram når slangen bit, medan musklar rundt giftkjertlane pressar gifta ut gjennom tennene og inn i huda. Der blir gifta teken opp av lymfekanalane og spreidd vidare til blodet, slik at gifta gjer skade både lokalt og systemisk.
Mord og marinering
Den vanlege europeiske hoggormen (Vipera berus) er heldigvis ikkje av dei skumlaste. Han er lite aggressiv og bit sjeldan folk, med mindre han blir teken eller trødd på, likevel vart det i fjor registrert i alt 642 hoggormangrep på menneske i Noreg. Gifta frå «vår» hoggorm er rett nok svært smertefull, men drep vanlegvis ikkje menneske. Utan rett behandling kan ein solid dose hoggormgift likevel vere livstrugande, særleg for ungar som har mindre kroppsvekt å fordele giftstoffa på. Men at små hoggormungar er meir giftige enn vaksne slangar, er berre ein gamal myte.
Slangegifta er ei væske som blir produsert i modifiserte spyttkjertlar, med ein potent mikstur av fleire tusen ulike protein til bruk både i sjølvforsvar og som våpen til å drepe byttedyr. Gifta vil både drepe og setje i gang fordøyinga av byttedyret, du kan kalle det ein effektiv kombinasjon av mord og marinering. Slangar et maten heil og treng ein solid dose med magesyre og enzym for å fordøye både hud, bein og kjøt. Sidan den sterke magesyra også inaktiverer slangegifta kan slangane kose seg med måltidet utan frykt for sitt eige liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.