Frå sjakkverda

«Ho spela NM i 1959…»

Wenche Erikssen spela lynsjakk kvar fredag med besøksvenen Ramin Rad på Lyngebakken bu- og behandlingssenter i heimbyen Skien.
Publisert Sist oppdatert

I nekrologar les ein gjerne at NN gjekk Birken. Det seier noko om NN. Hen var ein ivrig skilaupar, men hen var ikkje ekstrem. Opplysinga om Birken impliserer at hen ikkje gjekk over Grønland. Og no kjem poenget: Birken er berre éin dag, så for meg har det større effekt når det står i nekrologen over Wenche Erikssen (1938–2025) at ho spela NM i sjakk fem gonger, i 1959, 60, 61, 63 og 64.

NM i sjakk er jo for dei verkeleg sjakkgalne. Kven kan og vil setja av over ei veke til sjakk? Berre sjakk! Offisielt kallar vi turneringa for Landsturneringa. Alle sjakkspelarar har vyrdnad for dei som spelar NM, spelestyrke har ikkje noko å seia. Det er viljen til å nytta store delar av sumarferien på sjakk som får oss til å skjøna at du er ein av oss. Det er kan henda ikkje så rart at ein ung gut gjer noko slikt, men ei vaksen dame? Wenche Erikssen må ha skjønt noko djupt, ho må ha trengt inn i løyndomen til sjakkgudinna Caïssa.

Landsturneringa er den største suksessen i norsk sjakk. Ho kan samla over 600 spelarar, og med foreldre, sysken og ektefellar vert det ein sjakkleg folkefest. Det er galskap, men vakker galskap. Eg har fått mitt, 25 sumrar mellom 1984 og 2018. Det får vera nok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement