Ho som berre ville spela
Spelaren med stor S: Irina Levitina, her frå bridge-VM i Frankrike i 1998.
Foto: Wikimedia Commons
I Leningrad i 1960-åra dukka det opp ei jente som elska spel. I pausane på sjakkurset stakk ho innom damundervisninga i naborommet og løyste oppgåver i spelet som var særs populært i Sovjetunionen, der det var vanleg med sokalla sjakk- og damklubbar. Og ho spela kort. Ho fekk adrenalin av å spele med andre menneske meir enn av teoretiske sjakkstudium. Som då Irina Levitina som ung tenåring spela mot eksverdsmeisteren for kvinner, Ljudmila Rudenko. Levitina hadde eit farleg åtak mot den kvite kongen då Rudenko vart likbleik, og ein måtte kalla på ambulansen.
– Men når skal vi halda fram, spurde Levitina domaren. – Eg har jo initiativet på dei svarte felta etter bondetrekket til f4!
Domaren Sosonko vart streng:
– Hald opp! Det står om livet, og du pratar om svarte felt!
– Men eg trugar jo f3, korleis kan ho verja seg, sa unge Irina.
Ein av sjakktrenarane hennar, stormeister Semjon Furman, hadde ein dragnad mot kortspel, særleg bridge. Tenåringsjenta og den gamle mannen vart bridgemakkarar. Dei måtte spela i løynd etter at sentralkomiteen i kommunistpartiet hadde erklært yoga, kvinnefotball og bridge (med sin aust–vest-problematikk) for å vera dekadente aktivitetar. Det vesle bridgemiljøet vart offer for politirazziaar, men på sjakkturneringar var det alltid kortspel etter runden. Viktor Kortsjnoj, som tapte to VM-kampar mot Karpov, var imponert over kortspelaren Levitina: «Korkje Karpov eller eg når henne til anklane. Eg trur ho er betre enn alle sjakkspelarar ikkje berre i Sovjet, men i heile verda.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.